Kyrkjefolk: Edith

- Kyrkja har så mykje å seia for livet til menneska.

Foto: Egon Asvkik

- For meg er kyrkja ein god plass å vera. Difor ynskjer eg at kyrkja skal ha den plassen i livet vårt som den har i dag. Ho gir oss ein balanse i livet.

- Gudstenestene har utvikla seg positivt frå då eg vaks opp. Døra er vorten høgaren og porten vidare, og slik tykkjer eg det skal vera. Alle som vil, skal få koma i kyrkja.

- Eg vaks opp med ein bestefar som var medhjelpar til presten sin i Kaupanger stavkyrkje. Det var fem-seks kilometer til kyrkje, og me hadde ikkje bil. Eg gjekk ofte med han. Foreldra mine var bønder og hadde ikkje høve til å vera med. Men dei fekk alltid med seg gudstenesta i radioen.

- Preikene kan få meg til å tenkja etter. Eg tykkjer det er interessant å høyra på. Ofte tenkjer eg at dette hadde eg godt av å høyra. Å få ord med seg på vegen frå kykja kan gjera kvardagen lettare.

- Eg trur at det finst ei kraft. Me vert utfordra dagleg av både gode og vonde krefter, men det er opp til oss menneske å ta det rette valet.

- For meg er det eit høgdepunkt når Leikanger Musikklag har sin midnattskonsert juledag. Då vert bodskapen formidla på ein fantastisk måte gjennom musikk og song.

 

Edith spelar barytonsaksofon i Leikanger Musikklag. Ho driv høgdegarden Eggum saman med Helge Sjur. Dei har fem vaksne barn og fem barnebarn.

Utdrag frå side 130 i Kyrkjefolk av Egon Askvik (Skald forlag)

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"