Kyrkjefolk: Henny-Kristin

- Eg var fjorten år då mamma døydde.

Foto: Egon Askvik

- Som barn hadde eg det godt. Eg var nok ei litt vill fjellgeit som for overalt. Då mor døydde og far strevde, var det godt at me var tre sysken som tok vare på kvarandre.

- Eg var fjorten år då mamma døydde. Til presten sa eg at eg ville me skulle syngja Ingen er så trygg på ferda i gravferda hennar. Han tykte det var eit spesielt ynskje frå ein fjortenåring. Men det er ein salme som eg alltid vil ha med meg frå denne tida. Sjølv skreiv eg dikt. Eg skreiv diktet Engelen etter at mamma døydde.

 

Engelen

Eg møtte ein engel i natt,

han likna slik på deg,

vi dansa og leika og lo,

passa så godt i lag vi to

men i augo dine var det sorg og smerte,

det rann tårer av blod frå ditt hjerte

med lette vengeslag letta du og flaug bort,

eg ville fylgje med, men du flaug så fort

- eg såg deg aldri meir

Av Henny-Kristin (14)

 

Henny-Kristin er utdanna psykiatrisk sjukepleiar og jobbar i dag som rådgjevar i NAV Forvaltning. Ho er gift og har tre barn.

Utdrag frå side 74 i Kyrkjefolk av Egon Askvik (Skald forlag)

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"