Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

I Jesu namn, med ei viss frykt

- I Jesu namn startar vi året også med eit ærleg sinn, med ei viss frykt for alt det som dei mange herrar i denne verda kan stelle til i året som kjem.

- Men vi gjer det også med tillit til at det er mogeleg å finne vegar framover som gjer denne verda ein betre heim for oss alle.

Det sa generalsekretæren i Kirkenes verdensråd, Olav Fykse Tveit som var predikant i si heimekyrkje på Ås under gudstjenesta 1. januar. Han knytta dagens evangelium på Jesu namnedag saman med kyrkja sitt globale ansvar for fred og rettferd:

- Kyrkja trur på den tenande og nærverande Jesus som Herre, som utfordrar alle med makt til å bruke den til det felles beste. Ein kan ikkje vere ansvarleg leiar og prøve å ta bort frykt ved å skape meir frykt.  Vårt kall er å skape håp, rettferd og fred. Det er det menneske i Syria treng, det er det alle treng, sa Olav Fykse Tveit.

Han la óg vekt på den aktuelle endringa i tilhøvet kyrkja-stat her i landet:

- Dette kunne vore dagen å seie at «no er kyrkja herre i eige hus». Dette er nettopp dagen å ikkje seie det. For kyrkja har berre èin herre, Jesus Kristus.

Eg trur at Jesus har vore herre i mi kyrkje også før denne dagen. Det betyr ikkje at det ikkje kan vere tid for endring. No er det eit nytt og gyldent høve til å tenke gjennom kva det inneber at Den norske kyrkja har Jesus som Herre. Kyrkja kan og må vise at denne endringa skal tene både medlemene i kyrkja og lokalsamfunnet, nasjonen og menneskeætta på den beste måte. Kyrkja er til for menneska som treng det kyrkja er kalt til å vere. Jesus som Herre vil stadig utfordre oss, han som viste at det er nettopp ved å tene andre og dei som treng det mest at ein oppfyller Guds vilje, sa Fykse Tveit.