Kor, orgel og andre instrument

I Plan for kyrkjemusikk (Kyrkjemøtet, 2009) kan vi lese at den menneskelege stemma er kyrkja sitt viktigaste instrument. Kvart menneske, med heile seg og med si eiga stemme, har sin plass der, og får kome til uttrykk.

Kor, orgel og andre instrument

Den kunstnarlege og estetiske dimensjonen kan opne for kommunikasjon både på det menneskelege og det andelege planet. Det musiske er berar av eit språk som på ein særskilt måte kan opne sinn og sansar for «kilder utenfor oss selv».

Kor
Korverksemda utgjer ei av dei største friviljuge rørslene innanfor Den norske kyrkja, og korsongen utgjer eit kjerneområdet både i kulturlivet generelt og i den kyrkjemusikalske verksemda mange stader. Korrørsla femner ulike typar kor. Innanfor Den norske kyrkja finst det omlag 600 kor for vaksne, og barn og unge deltek i over 1000 kor.

Ulike musikkinstrument
Ved at stadig fleire stilartar får kome til uttrykk i kyrkjerommet, blir det i aukande grad nytta andre instrument enn orgel ved gudstenester, i kyrkjelege handlingar og i konsertar. I vår nære historie har det vore ulike haldningar til bruk av ulike instrument i kyrkjerommet. Plan for kyrkjemusikk legg til grunn at alle musikkinstrument kan ha ein plass i kyrkja.

Orgel
Pipeorgelet har vist seg veleigna til musikalske oppgåver i eit kyrkjerom, og dette har gitt det ein sentral plass i luthersk gudstenestefeiring og i kyrkjelege handlingar. Dei fleste kyrkjebygga i Noreg er utstyrte med eit orgel. Det tradisjonelle pipeorgelet er eit av dei fremste kulturelle varemerka til kyrkja. Instrumentet har ein tradisjon som strekk seg hundrevis av år tilbake, ein tradisjon som er levande og tek opp i seg nyvinningar på det musikalske, tekniske og handverksmessige området. Eit godt instrument har stor spennvidde når det gjeld klang og dynamikk, og ber i seg mange moglegheiter for musikalsk variasjon, i salmesong og liturgisk musikk, i solospel og samspel.
Kvart orgel er unikt, det er ikkje masseprodusert. Instrumenta er ulike med omsyn til stemmer, klangfarge og dynamisk spenn. Teknikk, mekanikk og handverk elles blir skapt for akkurat det rommet orgelet skal stå i. Det er viktig å velge eit musikalsk verkty som gir musikken karakter og truverde. Regelmessig vedlikehald av instrumenta i kyrkja må til for å sikre velfungerande instrument.

Mange kyrkjelydar i Den norske kyrkja tilbyr orgelundervisning, og det finst orgelklubbar ulike stader i landet. Dersom du er interessert i å vite meir om dette tilbodet, ta kontakt med kyrkjelyden der du bur, kulturrådgivaren i bispedømet ditt, eller rådgivar for kyrkjemusikk i Kyrkjerådet. For oversikt over orgelklubbar og orgelkurs, sjå lenke til Instrumenter i fokus, nedst på denne sida.

Vi rekker våre hender frem

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"