Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Liturgisk musikk og salmesong

På ein særleg måte har den lutherske kyrkja ein kyrkjemusikalsk arv i form av salmar og songar som blir brukte ved gudstenester og kyrkjelege handlingar. Høyr nye lydklipp her!

I salmebøkene finn vi eit mangfald av tekstar og musikk som speglar kristen tru gjennom mange hundre år og fram til vår tid. Salmeskatten vår er ei kjelde til inspirasjon og fordjupning. Å skape nye uttrykk for gudstrua i samtida gjennom song, er ein kontinuerlig prosess.

Ved vigsler og gravferder blir det ofte gjort tradisjonalle val av salmar og musikk. I mange høve ønsker dei pårørande eller brudeparet musikalske og verbale innslag som gir den gudstenestlege handlinga personleg nærleik og særpreg. Dette kan skje gjennom ulike former for musikalsk medverknad frå kyrkjemusikaren eller andre.

I den kristne gudstenesta, slik ho finn stad i heile verda, syng kyrkjelyden med på liturgien, også på ledd som ikkje er salmar. Den liturgiske musikken inneheld ledd som til dømes Kyrie – bønerop, Gloria – Lovsong, Sanctus – Heilag og Agnus Dei – Du Guds Lam.

Ulik musikk er i bruk i dei ulike kyrkjeromma. I Den norske kyrkja finst tre seriar å velge mellom til dei fleste gudstenestene i dei fleste kyrkjene. Dette er tre «allmenne hovudseriar» med liturgisk musikk, kvar serie med sitt unike musikalske preg.

To musikkseriar kjem i tillegg til desse, og er bestemt ut frå kyrkjeåret, med musikk for gudstenestene i fastetida, og gudstenestene på særskilte festdagar, som til dømes 1. påskedag.

Hausten 2018 gav Kyrkjerådet ut heftet Med samrøysta lovsong, med notar til ny gudstenestemusikk som ikkje er gitt ut i tidlegare publikasjonar. Heftet er meint som ein ressurs for dei som ønsker å gjere seg kjent med noko av den nye musikken.

Her kan du høyre lydklipp frå Allmenn hovudserie 2:

Komponister til Allmenn hovedserie 2:
Kyrie: Mari Tesdal Hinze
Gloria: mel Magnus Beite/ arr. Torbjørn Dyrud
Sanctus: Torbjørn Dyrud
Agnus Dei: Tore W. Aas
Musikere på opptaket:
Torbjørn Dyrud, orgel
Henrik Lillehaug, gitar
Marie Løvås, vokal
Runar Netland, trommer
Martin Ulltang, bass
Sverre Undheim, piano

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / Fjern kirken.no fra blokkert.

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"