Bispemøtet vart i 2019 spurt av Kyrkjerådet om å greia ut det teologiske grunnlaget for konfirmasjon. Biskopane vart samde om å ikkje utarbeide eit større teologisk materiale om konfirmasjonen, då dette er godt beskrive allereie. Derimot ønskte dei å utarbeide eit ressurshefte som særleg aktualiserer dei sidene ved konfirmasjonen som synleggjer kor relevant han er i dagens samfunn og som belyser eit utval av aktuelle teologiske problemstillingar.
Dette heftet er med andre ord ikkje ein utfyllande teologi om konfirmasjonen, men ein tekst som kan bidra til refleksjon blant heile breidda av kyrkjelege tilsette, frivillige, sokneråd og andre interesserte.