Påskeandakt frå biskop Bonden

Kvinnene fann grava tom. Dei fann ikkje Jesus sin kropp, står det. Kor var han eigentleg, den oppstode? Det funderte dei også på, kvinnene ved grava.

Biletet syner Guds lam framstilt som den sigrande Kristus som ber kors-fana – sigersteiknet. Symbolet sit på den minste delen av kåpa – på spennet som held bispekåpa i hop. Guds lam er eit av dei sterkaste symbola i kristendomen. Kunstnar: Borgny Farstad Svalastog Foto: Kirsti Hovde

Det skjedde noko. To framande spør: «Korfor leiter dykk etter den levande mellom dei daude?»  

Spørsmålet må ha vekt noko i dei. «Da hugsa dei orda hans», står det. Det minna dei om det Jesus hadde sagt før han døydde. Ja, dei hugsa ikkje berre orda hans. Orda sette dei i rørsle. Dei gjekk, dei sprang og dei fortalde det til alle dei andre. 

Undervegs møtte dei han også, den oppstode Jesus Kristus. Dei kjende han ikkje att med det same. Hadde vanskeleg for å tru at det kunne vere han. Men han synte seg for dei på vegen. Når han snakka med dei, og gjekk saman med dei eit stykke. Når han delte brød og vin ved bordet. Når han ropa oppmuntrande til dei på ein dårleg arbeidsdag etter timar med slit på sjøen, utan ein einaste fisk i garnet. Det var hendingar kor dei kjende han att. Kjende att Guds kjærleik og nåde i det kvardagslege livet. Kor Jesus plutseleg var midt iblant dei, fysisk, konkret, som eit anna medmenneske. Som gav tru, håp og kjærleik i dei og blant dei og gjennom dei. Ja, som sette dei i rørsle til andre.  

Tru på oppstoda sett menneske i rørsle. Fyrst kvinnene ved grava. Så dei andre disiplane. Deretter kyrkja og menneska over heile verda. Tru på oppstoda er drivkraft til liv. Den er heilt grunnleggande ikkje berre i kyrkjas liv, men i verdas liv. 

Tru på oppstoda vart til rørsle, og rørsla vart til ei kyrkje – og til liv for mange. Å ja, kyrkja kunne trø feil, gjere menneske urett, svikte Gud. Men den ber også tru til trøyst, håp og handling. Som ubrote rører seg utover, til utkanten. Til verda.  

Jesus er ikkje i grava. Han har stått opp. Han er her, fordi vi er her. 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"