Draumen blir verkeleg

Ho har hatt ein draum om å bli prest sidan ho var 17 år. 27. august 2023 vigslast Ellen Oddveig Rudi til sokneprest i Reinli og Leirskogen.

Ellen Oddveig Rudi er tilsett som sokneprest i Reinli og Leirskogen. Foto: Sondre M. Rudi

- Når vi møter kvarandre, møter vi også ein glimt av Gud, seier Ellen Oddveig Rudi. Ho gler seg til å bidra til at folk skal få høve til å leve ut religiøsiteten sin, til dømes gjennom andakter på institusjonar, besøk på pasientrom eller ope kyrkje ved særskilde anledningar. 

Vegen fram til presteteneste har vore lang sjølv om draumen har vore med henne sida ungdomstida. Det vart lærarutdanning i staden. Å flytte til Oslo på den tida var ikkje aktuelt. Så da vart det utdanning til adjunkt med seks år som lærar i småskulen i Nordre Land kommune etterpå. Ho er einsleg med to adopterte barn, og da ho fekk eldste sonen ville ho flytte attende til Valdres der ho er ifrå opphavleg, slik at mor hennar kunne få barnebarna tettare ved seg.

Det var ikkje lærarjobbar i Øystre Slidre, så ho valde da å ta utdanning innan sjukepleie. Etter nokre år som sjukepleiar søkte ho stilling som kyrkjelydspedagog og jobba ei tid med et bein i kyrkja, og et bein i heimetenesta. Frå 2016 vart ho diakon med klokkar som ein del av tenesta. Kyrkja hadde vorte arbeidsarena. Året etter starta ho masterutdanning i diakoni. Det var heilt til biskopen kom på visitas.

Biskopen opna veg for draumen

Biskop Solveig Fiske hadde ei samtale med Ellen Oddveig under visitasen i Øystre Slidre. Under samtala kom det fram at det slett ikkje var umogleg for ho å bli prest. Dette forløyste noko i henne, seier ho, og dermed starta vegen fram mot ei presteteneste.

Fire år etter var ho i gang. Frå 1. januar 2021 har ho vore prestevikar i stillinga ho nå er tilsett i. – Eg treivst godt her frå fyrste stund, seier ho, fine kyrkjebygg, ein fantastisk god stab å ha rundt seg, og kyrkjelyder som gjev meg både inspirasjon, takksemd, audmjukheit og glede. Ho byrjar bli kjend med dei ulike kulturane i sokna, og etter kvart har det vokse fram idear og ynskje ho gjerne vil arbeide meire med. Difor valde ho å søke stillinga som sokneprest i Reinli og Leirskogen sokn da den var lyst ut.

- Det er varierte og spennande arbeidsoppgåver og mange menneskemøte som er med på å gje farge til det livsmåleriet som ein dag blir mitt. 

Med kunst i årene

Ho er glad i teikne og ho skriv dikt. Musikk er ei hovudinteresse og ho speler både litt gitar og toradar, - til husbruk, seier ho beskjeden. Ho har også fele og keyboard. Tidlegare komponerte ho og laga songar, men nå blir det lite tid til slik. Også skyting har ho lagt på hylla. Såpass dyktig har ho vore at ho skaut seg til klubbmeister i Nordre Land i klasse 2 ein gong. Framleis har ho geværet, ein Sauer 22 kaliber. Nå skal ho treffe blink på anna vis.

- Å arbeide som prest, er å vere ein del av eit lag, der vi gjer kvarandre gode, seier Ellen Oddveig Rudi. Ho held fram at gode menneske rundt seg, gjer det tryggare å fylle rolla ho er sett til. Slik blir det rikare for dei som skal ta i mot også, meiner ho og seier ho gler seg til åra som kjem.

For folk og alt som lever

Ho elskar å vere ute i naturen, gå tur i skogen, eller fiske ved eit stille vatn. Fjellturar likar ho også godt og skildrar korleis det kjennes å stå ute i måneskinet ei kald vinternatt og sjå på dei funklande diamantane på dei frosne trestammane, og den uendelege og funklande stjernehimmelen høgt der oppe.  – Eg meiner det er viktig å ta vare på alt det skapte, både naturen, dyra rundt oss og medmenneska våre. Gjennom Jesus Kristus har Gud sendt oss lyset, nåden og kjærleiken. I det ligg det eit ansvar om å vise omsorg, respekt og kjærleik overfor kvarandre.

Vi gratulerer og ønskjer Ellen Oddveig Rudi til lykke som sokneprest i Reinli og Leirskogen.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"