Til Vinstra – midt i smørauget

Etter 14 månadar som sokneprest i Folkekyrkja i Danmark, vender Kristin Strand heimatt til Den norske kyrkja og Hamar bispedømme. 1. mars byrjar ho som sokneprest i Kvikne og Sødorp.

Kristin Strand i Christianshavn i København der ho er utdanna og bur i dag. Foto: Privat

- Eg vart ordinert i Vågåkyrkja i 2014, og på ein måte flyttar eg nå attende til kjende trakter, midt i smørauget. Kristin Strand gler seg til å komme attende til Gudbrandsdalen når ho nå blir prest for Kvikne og Sødorp sokn i Nord-Fron kommune. Her er det kort veg til både Rondane, Dovre, Jotunheimen eller byane i alle retningar.

Kristin Strand vart fødd på ein gard på Valsøya  for 66 år sidan, ei lita øy i Valsøyfjord på Nordmøre. Språket hennar er nordmørsk med dansk sleng.  – Eg er nomade av sinn, seier ho og fortel at ho heile livet har levd og arbeidd eller tatt utdanning fleire stader. – I Bibelen har vi forteljingane om Jakob og Esau. Jakob var den stadbundne. Esau derimot, han farta rundt. Bortimot 30 år av livet mitt har eg levd i Danmark. Her fekk eg den teologiske utdanninga mi, og her bur den einaste dotter mi og hennar familie. Banda til dansk er difor sterke og København har vorte «min by».

No kjem ho attende til Gudbrandsdalen som prest att, og gler seg til å bli kjend med kollegaer og folket. Ho er spent på kva for oppgåver og forventingar som ventar henne, både frå dei ho skal arbeide saman med og frå folk ho vil møte i samband med arbeidet.

Eit privilegium å få vere prest

På ein ny stad vil alt vere nytt, seier ho. – Det er mange namn som skal lærast og hugsast, kvar er butikken, korleis kjem eg meg hit og dit mellom anna. Ho opplever at alt det nye kan vere litt overveldande til å byrje med, men at det også er det som gjer nomadelivet spennande.

Nå skal ho inn i norsk kyrkjeliv att. Etter 14 månader på dansk i Folkekyrkja i Danmark, gler ho seg til å vere prest i Kvikne og Sødorp, få liturgiane inn i ryggrada att på nynorsk og bokmål. Ho kjenner at det er noko heilt eige å få bruke morsmålet att.

-          Eg ser fram til fellesskapet på kyrkjekontoret og i samband med gudstenestene, seier ho. Gode kollegaer er gull verd. I dansk gudstenesteliv er prestane svært ofte einslege og ansvarlege for det meste.  – Eg likar at vi i fellesskap kan få til noko, seier ho.

Ho opplever det som eit privilegium å få vere med folk både når dei er i «den sjuande himmel» og i samband med sorg og mørke – og alt midt imellom. Det er det ho likar best med å vere prest, å vere til stø og til hjelp.

-          Dagane er gode når ein kan vere til for nokon, seier Kristin Strand.

Forkynning av evangeliet og trua handlar mest om tilgjeving, kjærleik, mot og håp for den nye soknepresten. Ho opplever Jesus Kristus som vendepunktet; - fordi han kan gjere daudt levande. Der kor alt synast tapt, får vi alt attende, seier ho.

Nå ho ikkje er på arbeid, er det mye som fangar Kristin Strand si interesse. Ho interesserer seg for det meste; samfunnsliv og politikk, kunst og kunsthistorie. Ho strikkar, likar frisk luft både med og utan ski på føtene. Lese gjer ho gjerne også, både litteratur og aviser, og lyttar gjerne til klassisk musikk og jazz. Ho ville heller ikkje ha noko imot å synge i kor.

Så da er utmaninga gitt til det lokale kormiljøet.

Vi gratulerer og ønsker lykke til i ny jobb!

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"