Biskop Solveig Fiske fekk Målblomen for å vere eit førebilete når det gjeld bruk av nynorsk i tenesta og privat.
Fyrste i Hamar
Jens Haugan er leiar i mållaget. Han seier at koronasituasjonen har gjort ein større feiring av prisen umogleg. Difor kom han og nestleiar Silje Nathalie Luvåsen på døra heime hos biskopen måndag 15. februar med prisen.
Målblomen er ein tradisjon i Noregs Mållag og dei ulike lokallaga.
- I Hamar dialekt- og mållag har vi ikkje delt ut nokon målblome før det no kom inn forslag, og forslaget var veldig tydeleg ein passande kandidat til denne typen utmerking, seier Jens Haugan.
Biskopen sett stor pris på overraskinga. - Dialekt er identitet og hjartespråk, seier ho.
Dette er mållagets grunngjeving for prisen:
- For å bruke nynorsk i sin profesjon og privat
- For å vise at også nynorsken har sin rettmessige plass i kyrkja og i samfunnet elles
- For å vise at nynorsk kan brukast på Austlandet
- For å vise at nynorsk kan brukast på Hamar
- For å vise at ein kan bruke nynorsk for å prate om både glede og sorg
- For å vere eit førebilete for mange, også som nynorskbrukar.
- Dessverre finn ein ikkje så mykje bruk av nynorsk i det offentlege rom her på Hamar, seier Jens Haugan. Han håper prisen vil vere med på å synleggjere at dialekt og nynorsk kan brukast på mange arenaer, og sjølvsagt heidre dei som gjer ein ekstra innsats på dette området.
Biskop Solveig har aldri opplevd å ikkje bli forstått. Ho normaliserer talemålet litt i gudstenester og offentlege handlingar. - Men klangen frå nordmørsdialekta er framleis der.
Vi gratulerer biskopen vår med Målblomen!