Sam-leiing og utviklingssamtaler

Kvart år har Hamar biskop og bispedømmeråd hatt leiingsdialog med prosten i kvart prosti i bispedømmet. I år har ordninga vorte utvida til også å gjelde kyrkjeverjene i prostia. I førre veke var Hamar biskop i Nord-Gudbrandsdal prosti.

Frå den felles leiarsamlinga i Nord-Gudbrandsdal prosti. Fv: Stiftsdirektør Freddy Knutsen, kyrkjefagsjef Kenneth Hansen, kyrkjeverje i Sel, Steinar Grønn, HR-sjef Lars Erlend Kielland, Biskop Ole Kristian Bonden, Kyrkjeverje i Nord-Fron Grete Bakken, Kyrkjeverje i Lom Anne Kristin Stenersen, Kyrkjeverje i Dovre May Linn Myhren, Kyrkjeverje i Lesja Torunn Elisabeth Skotte Stavheim, Kyrkjeverje i Vågå Johanne Krogstadmo, prost Birgitte Bentzrød og kyrkjeverje i Skjåk Arnborg Teigum. Foto: Reidun Frikstad Lunde

Møtene har kome ut av eit ønskje om å styrke kontakt og samhandling mellom biskop, bispedømmeråd, prostar og fellesråd. Det er og i tråd med dei føringane som Kyrkjemøtet vedtok i 2023 med tanke på organisasjonsutvikling framover i Den norske kyrkja.  

Stiftsdirektør Freddy Knutsen seier at dei med dette ønskjer å koma tettare på og slik styrkje samhandlinga mellom dei to arbeidsgjevarlinene i kyrkja. Leiinga i bispedømmet har dagleg samarbeid med 46 kyrkjelege fellesråd. - God kontakt mellom bispedømmet og kyrkjeverjene er avgjerande for at vi saman best mogleg kan bidra til å nå måla som sokna har for arbeidet sitt, seier stiftsdirektøren.

Styrkar sam-leiing

Det er sju kommunar i Nord-Gudbrandsdal prosti. Sju kyrkjeverjer har ansvar for den daglege drifta av kyrkja og personalansvar for dei tilsette i fellesråda. . Prosten er biskopen sin stadlege leiar og har ansvar for prestetenesta i heile prostiet. Til utviklingssamtale med biskopen møttest alle dei lokale leiarane og leiargruppa ved Hamar bispedømmekontor. Møtet vart halde på Otta, prostesetet i Nord-Gudbrandsdal.

«-Kjempebra at bispedømmet kom åt oss», seier kyrkjeverja i Skjåk, Arnborg Teigum. Foto: Hamar bispedømmeråd.

Arnborg Teigum er kyrkjeverje i Skjåk. Ho meiner møtet bidreg til å styrke relasjonen mellom dagleg leiing i lokalkyrkja og bispedømmet. - Vi kjenner at vi allereie har ein relasjon med biskopen etter at han nyleg var her på besøk, seier ho. Ho tykte møtet ga høve til å lyfte tankar som ikkje så ofte vert lufta i større forsamlingar. Ho opplevde også å bli høyrd og at tankane nådde fram.

Teigum har vore kyrkjeverje i mange år, men fyrst på dette møtet fekk ho ei oppleving av korleis dei ulike rollene fungerer saman på leiarnivå. 

Tema som vart tatt opp på møtet var mellom anna situasjonen i prostiet, arbeid med strategi og felles planer, om samleiing og felles løysingar.  

"- Det er både nyttig og hyggeleg å møtast slik", seier stiftsdirektør Freddy Knutsen. Han opplever at relasjonane mellom bispedømet og fellesråda vert styrka og at dette møtepunktet skapar rom for å setja viktige tema på dagsorden.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"