Hverdagstanker før søndagen: Der sjela får lys

Hverdagstanker før søndagen er denne gangen skrevet av sokneprest i Vang, Irmelin Grimstad Bonden: "Å ta sin kross opp, og å tape si sjel". To uttrykk frå Jesus, som har blitt ståande att i kulturen vår.

"Jesu kross lyser som eit sigerteikn for alle som ber sine bører". Foto fra Picabay.com/no

Så meiningsmetta dei er begge to. Dei er to handlingar som utfordrar oss som menneske. Gjenkjennelege, og mykje brukte, fordi dei samlar opp i seg så mange menneskelege erfaringar. Kanskje mest av nederlag, men også av mot og trass og tru.

Å ta sin kross opp, blir ofte forstått som å gjere det du ikkje kan kome utanom. Det som er ditt lodd i livet. For nokre er krossen ei sorg som ikkje er til å bere. For andre ei tyngande oppgåve. Eller kanskje er min kross ei vanskeleg tid som eg må gjennom for at noko godt skal kunne skje. Slik ein konfirmant svarte så klokt: « Nokre gongar er det nødvendig med motstand for at vi skal kome vidare som menneske».

Jesu kross lyser som eit sigerteikn for alle som ber sine bører. Han som sjølv bar krossen, veit korleis livsbøra kan tynge. Ber børa saman med oss. Går først, og går saman med. Viser at vi går mot ein god ende.

For dei første kristne betydde det å følgje Jesus motgang og forfølgingar. Og slik er det også i dag mange stader, der trua på Kristus slo rot lenge før ho vart vår tru. Å ta krossen sin opp for Kristi skuld, kva er det? Kanskje er det å løfte evangeliets lys endå høgre. Dele det med frimod. Bere det dit der mørket er tyngst, eller dit sanninga er skuggelagt.

Gud vil noko med oss. Trur på oss. For den som elskar deg har også forventningar til deg. Kjærleik er ikkje berre å stryke etter håra. For kjærleiken er ikkje likegyldig. Kjærleik er relasjon og gjensidigheit. Kjærleiken ser kva som bor i deg. At du er viktig, og at ditt liv utgjer ein skilnad.

Så er det dette det handlar om, kanskje, det å ikkje tape si sjel: å vende seg dit sjela får lys så vi kan bli meir dei vi var skapte til å vere.

Ett er nødvendig.
Ett er nødvendig
her i denne
vår vanskelige verden
av husville og heimløse:
Å ta bolig i seg selv.

Gå inn i mørket
og pusse sotet av lampen.
Slik at mennesker på veiene
kan skimte lys
i dine bebodde øyne.
                          Hans Børli

---------

Tekster på 4. søndag i treenighetstiden – Søndag 17. juni 2018

  • Jos 24,19–24 Herren vil vi tjene
  • Ef 2,1–10 Skapt til gode gjerninger
  • Matt 16,24–27 Å følge etter Jesus

 

Kontaktinformasjon for Hamar biskop og bispedømmeråd

Kontoret er åpent
mandag-fredag 09.00-15.00 (vi holder stengt 14. - 16. april ifm påsken)
Telefon +47 62 55 03 50 

 

 

 

 

 

Folkestadsgt. 52
2317 Hamar
Postboks 172
2302 Hamar
hamar.bdr@kirken.no

Fakturaadresse: 

Faktura sendes som EHF. Alternativt som pdf-faktura til vårt fakturamottak mb.12908@xledger.net (Merk: kun én faktura med vedlegg pr. e-post).

Org nr: 818 066 872
Ref: 2303101 + navn på bestiller

Pr. post:

Den norske kirke v/Hamar bispedømmeråd
Postboks 799 Sentrum
0106 Oslo

Vi ber om 30 dagers betalingsbetingelse. 

Ved vold og seksuelle overgrep
i kristen sammenheng:
kontakt Kirkelig ressurssenter
Tlf: 23 22 79 30
post@kirkeligressurssenter.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"