Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Retreat hausten 2018

Retreat betyr å trekke seg tilbake. Jesus seier til læresveinane sine : «Kom med meg til ein aud stad der vi kan vera åleine, og kvil dykk litt!» (Mark 6,31). Dei fleste retreata i Bergen finn stad på Søsterhjemmet Haraldsplass. Her finn du program for hausten 2018.

Velkommen til stille, bøn og bibelmeditasjon!

På retreatsamlingane på Søsterhjemmet legg vi til rette for kvile og bøn. Vi trekkjer oss tilbake for ei tid. Retreaten er stille. Måltida er stille, gjerne med musikk. Ein fast rytme med tidebøn og gudsteneste, hjelper oss å falle til ro. Vi får høve til sjølv å bli nærverande hos Han som alltid er nær. Retreaten gir rom for å møte bibeltekstar, åleine og i fellesskap. Retreat er for deg som ønskjer en nærmare relasjon til Gud, og samanheng mellom kvardagsliv og tru. Det er tilbod om samtale og forbøn på dei fleste retreata.

Program for kveldsretreat i Bergen hausten 2018

Laurdag 25. august kl. 10:30 - 16:30:
Retreat på Tor si hytte på Lindås.
Eigen bil eller buss frå Bergen busstasjon kl. 09:00 til Lindås senter kl. 10:21. Returbuss kl. 17:22, ankomst Bergen kl. 18:51. Retreat, lunsj, middag og kaffi for kr 200. Leiarar: Eline og Birger Hjellum, Aslaug og Tor Kristiansen. Påmelding på epost innan 20. august.

Onsdag 12. september kl. 18-21: Kveldsretreat
Onsdag 10. oktober kl. 18-21: Kveldsretreat v/ Annbjørg Vågen

Laurdag 27. oktober kl. 10-14: Seminar v/ May Bente Matre
Tema: I stormens øye. Lunsj og seminar kr 200. Påmelding på epost innan 20. oktober.

Onsdag 14. november kl. 18-21: Kveldsretreat v/ Trygve Danielsen

Tirsdag 4. og torsdag 6. desember kl. 16:30 - 20:30: Adventsretreat v/ Bård Haukedal og Sidsel Grønlund. Middag, kaffe og retreat for kr 150. Påmelding på innan 2. desember.

På kveldsretreatene starter vi med opning og impuls i kapellet, fortsett med bibelmeditasjon, stille måltid og bønevandring. Vi avslutter som regel kvelden i kapellet med ei enkel gudsteneste med nattverd.

Der annan stad ikkje er nemnt, foregår alle retreata i Søsterhjemmet på Haraldsplass, Ulriksdal 8, med inngang i sørenden av Haraldsplass diakonale sykehus.

Retreatarbeidet har felleskyrkjeleg karakter og er ope for alle.

Kveldsretreat har inga påmelding og kostar 50 kr.

Åndeleg rettleiing:
Åndeleg rettleiing gir hjelp til å utvikle og gå djupare i sin relasjon til Gud. Det handlar om å vekse i trua slik at den kan få røre ved heile livet.

Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med personalprest Bård Haukedal.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30