Trusopplæring i Bjørgvin

Trusopplæring er ein naturleg del av kyrkjeleg undervising og trusopplæringa i Bjørgvin starta på Moster rundt år 1000. No har alle kyrkjelydar i Bjørgvin tilbod om trusopplæring for barn og unge.

Opplæring i kristen tru har kyrkja alltid drive med, men skulen har også hatt ei viktig rolle i formidling av tru. I skulen gir ein framleis kristendomsundervising, men undervisinga skal ikkje vere til tru. Difor har Stortinget vedteke å flytte opplæringa til tru frå skulen til kyrkja. Det er stipulert til 315 timar med trusopplæring kvart døypte barn skal få fram til fylte 18 år. Difor vil døypte born og unge få tilbod om ulike trusopplæringsaktivitetar årleg frå sin lokale kyrkjelyd. Tilbodet er ope for alle, og born av medlemmar får også ofte tilsendt invitasjon. Dei lokale kyrkjelydane er i ferd med å utvikle eller har utvikla ein lokal plan for dette arbeidet.

Arbeidsområder for rådgjevarar innan undervising/trusopplæring:

  • Trusopplæring 0-18 år.

  • Skule-barnehage-kyrkjesamarbeid.

  • Konfirmantarbeid.

  • Arbeid for ungdom.

  • Undervisning for vaksne.

Arbeidsoppgåver t.d.:

  • Rettleie kyrkjelydane i  å lage lokale trusopplæringsplanar  og rapportere på dei.

  • Årleg kontaktsamtale med alle einingane i trusopplæringa.

  • Formidle informasjon om kurs og arrangere aktuelle kurs/fagdagar/samlingar  for å utruste kyrkjelydane i arbeidet med trusopplæringa.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30