Bispedømerådsmøte 5. september 2014

Bjørgvin bispedømeråd var samla til møte 5. september. Eit tema var at prosjektet "Kirkelig dialogsenter i Bergen" skal bli eit permanent tiltak. Ei rekkje høyringsfråsegner prega også møtet, bl.a. om forvaltning av gravferdssaker.

Kyrkjeleg dialogsenter i Bergen går frå å vera prosjekt til å bli ei forening. Foto: Kyrkje og moské i Afrika side ved side.

«Kirkelig Dialogsenter Bergen» har sidan 2011 vore eit samarbeidsprosjekt mellom Bjørgvin bispedømeråd, Areopagos og Bergen domkirke menighet. No ønskjer ein å gjera dette om til eit sjølvstendig tiltak i form av ei forening og bispedømerådet drøfta stiftingsdokument og vedtekter.

Kyrkjevalet i Bjørgvin 2015 skal administrerast av eit valråd saman med bispedømekontoret. Bispedømerådet drøfta samansetjinga av valrådet som skal oppnemnast i møtet 20. oktober.

Vil behalda forvaltning av gravferdslova
Bispedømerådet drøfta NOU 2014:2 – Om betaling for kremasjon, gravlegging og grav. Særleg tok ein føre seg framlegget om at dei oppgåvene som bispedømerådet har etter gravferdslova og forskrifta skal overførast til Fylkesmannen. Bispedømerådet meiner at desse sakene framleis skal forvaltast av bispedømerådet. Ein grunn til dette er at mange av sakene er knytt til kyrkja ved at gravplassen ofte ligg ved kyrkja. Bispedømerådet må difor uansett vera høyringsinstans i saker som vedkjem kyrkja sine omgjevnader. Lokalt er det kyrkjeleg fellesråd som forvaltar gravplassane og bispedømerådet er i dag både godkjenningsinstans for gravplassar og klageinstans for enkeltvedtak i fellesråda.

Bjørgvin bispedømeråd tek oppdateringa av retningsliner for Opplysningsvesenets fonds samfunnsbevisste investeringar til vitande. Bispedømerådet seier seg glade for den etiske refleksjonen som ligg bak.

Kyrkjelydsutvikling
Prosjektet "Menighetsutvikling i Folkekirken - MUV" har sidan 2010 støtta kyrkjelydar i Bjørgvin som vil driva utviklingsarbeid. Bispedømerådet drøfta rapporten frå det første "kullet" av kyrkjelydar som har vore inne i prosjektet i tre år. Bispedømerådet gratulerer Strusshamn, Storetveit, Voss og Austrheim med vel gjennomført 3-årig reise med dette prosjektet og vil også i framtida leggja til rette for kyrkjelydsutviklande prosjekt, anten i regi av MUV eller andre prosjekt.

Bispedømerådet handsama i tillegg følgjande høyringar:

  • Kulturplan for Hordaland 2015-2025. Bispedømerådet reagerer på at kyrkja og trussamfunna sine roller i den kulturelle kvardagen for folk flest, ikkje er nemnde i utkastet til regional kulturplan. Kyrkja har mykje å gje, blant anna når det gjeld å sikre positive oppvekstmiljø for born og unge og som produsent og formidlar av kyrkjemusikk.
  • Forslag til å fjerne henvisning fra fastlege når kvinner begjærer abort. Her la rådet vekt på at det er prinsipielt viktig at ein ikkje må utelukka at ein lege kan reservera seg. Samfunnet treng etisk reflekterte legar som tar sjølvstendige standpunkt i medisinske saker. Medisinsk kunnskap og teknologi er i utvikling og både samfunnet ved sine valde representantar og etiske råd og den einskilde yrkesutøvar må reflektera over etiske grenser.
  • Endring i utlendingsforskriften – Varig ordning for lenge værende asylsøkere.
  • Endring i utlendingsloven (24-års grense for familiegjenforening)
  • Endringer i utlendingsforskriften (Heving av underholdskravet og ny hjemmel for unntak)

Kyrkja si rolle i pilgrimsprosjekt
Kystpilegrimsleia - kva er kyrkja si rolle? Kyrkja er ynskt som som ein truverdig "innhaldsleverandør" i den vidare utviklinga av prosjektet og Bjørgvin bispedømeråd vil arbeidet for det blir rom for den åndelege opplevingsdimensjonen i kyrkjene, heilagstadane og naturen. Ein vil bl.a. inspirera til at det blir skipa pilegrimsutval lokalt, som får ansvar for å leggje til rette for pilegrimsruter i den einskilde kyrkjelyden.

Sakliste

063/14 «Kirkelig Dialogsenter Bergen» - orientering, utkast til samarbeidsavtale (stiftingsdokument) og vedtekter
066/14 Valråd for bispedømerådsvalet 2015
067/14 Høyring NOU 2014:2 – Om betaling for kremasjon, gravlegging og grav
068/14 Høyring - om oppdatering av retningslinjer for OVFs samfunnbevisste investeringer
069/14 Første rapport om prosjektet "Menighetsutvikling i Folkekirken - MUV"
071/14 Eventuelt (Kystpilegrimsprosjektet)

Grunna tekniske vanskar ved overgang til ny versjon av systemet for dokumenthandtering blir følgjande saker ikkje med i endeleg protokoll, men høyringssvar vert sendt ut frå vedtak og merknader som kom fram i møtet:

Høyring: Premiss. Kulturplan for Hordaland 2015-2025.
Høyring:  Forslag til å fjerne henvisning fra fastlege når kvinner begjærer abort
Høyring: Endring i utlendingsforskriften – Varig ordning for lenge værende asylsøkere
Høyring: Endring i utlendingsloven (24-års grense for familiegjenforening)
Høyring: Endringer i utlendingsforskriften (Heving av underholdskravet og ny hjemmel for unntak).

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"