Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Inspirerande samling for sokneråda

– Tusen takk for ein flott dag i Knarvik kyrkje på lørdag! Slik starta ei uoppfordra tilbakemelding frå ein soknerådsmedlemene som var på bispedømet si inspirasjonssamling for sokneråd. Dei om lag 60 som var til stades, representerte 32 sokn og bispedømekontoret.

Inspirasjon til arbeidet i soknerådet var sentralt i programmet som opna med at tre soknerådsleiarar fortalde om sine sokn og arbeidet i soknerådet. Dei var tydeleg engasjerte og virka interesserte i å stilla til val att ved neste kyrkjeval.

Byggja relasjonar

Første føredrag var ved professor i merkevarebygging ved Norges Handelshøyskole, Magne Supphellen. Han snakka om korleis ein kan byggja kyrkje gjenom å byggja relasjonar. – Legg til rette for mangfold, arbeid aktivt med diakonien og inviter inn «entreprenørtypane» var noko av hans resept.

Utanfråblikk

Politisk redaktør i BT, Frøy Gudbrandsen og debattredaktør i Dagen, Tarjei Gilje, var invitert for å seia noko om korleis dei ser kyrkja litt utanfrå. – Mange er søkjande, dei går på yoga for å få stille og ro og rom for å tenkja, dei søkjer derimot ikkje til kyrkja, sa redaktøren som sjølv meinte at kyrkja er ein god stad å gå, blant anna fordi ein der vågar å snakka om dei store, vanskelege og alvorlege tinga i livet, utan blygsel.

– Kyrkja byr på substans, meinte Gilje.

– Kva synest de kyrkja skal snakka om, spurde biskopen. – Tilgjeving, svarte Frøy Gudbrandsen som meinte at det er mykje som er relevant i Bibelen, for eksempel det å elska sine fiendar.

Bruk dei ressursane de har

– Ta utgangspunkt i dei ressursane de har, heller enn å sjå på alt som skulle vore gjort, sa rådgjevar Evy Torunn Nyvoll i NMS som tok deltakarane med inn i tankegods som kjem frå Madagaskar og har fått namnet «Use your talents». 

– Vi har ofte eit snevert internt fokus og ein tradisjonell måte å tenkja på. Då blir vi opptekne av å få nokon til å gjera alle oppgåve slik at alt går rundt, sa Nyvoll, som meinte at ein konsekvens av dette kan vera at mange gjer oppgåvene berre som ei plikt. I ein slik situasjon, kan «Use your talents» hjelpa oss til å stoppa opp og spørja kva me held på med.

– Viss vi snur på dette, kan folk bli med fordi det er noko dei vil og har glede av. Då ser andre at dette ser kjekt ut, og dei også ønskjer å vera med. Når du brukar dine talent, veks du og utviklar deg, sa den engasjerte føredragshaldaren som gav deltakarane ei oppgåve rundt bordet: Nemn ein ting du kan læra vidare til andre og nemn ein ting du ynskjer å læra sjølv.  Etter nokre minutt syda det med forslag til kva folk gjerne ville dela av kunnskap med andre.

Nedst på denne sida finn du videoopptak eller lysark av nokre av samtalane og innlegga.

Merk deg at lyden på nokre av opptaka kan gjera det krevjande å få med seg alt som blir sagt.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30