Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Ei reise til Bjørgvins irske røter

I høve Bjørgvin bispedøme sitt 950-års jubileum deltok Bjørgvin biskop på ei økumenisk gudsteneste i den anglikanske katedralen «Christ Church» i Dublin, hovudstaden i Irland.

I preika si sa biskopen at når vi feirar jubileum, så er det med takk til våre historiske relasjonar til Irland. Han talte om forholdet mellom Guds kjærleik og kyrkja sin einskap under temaet «Love actually». Med i gudstenesta var også domprost Andrew Dunn, erkebiskop Michael Jackson frå Church of Ireland, og den katolske erkebiskopen, Martin av Dublin. Dette er truleg første gong ein norsk biskop har delteke på denne typen markering i Irland, med takk for den arven vi har fått del i: «Vi sende vikingar, de sende oss helgenar». 

Saman med stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit og kulturrådgjevar Ragna Sofie Grung Moe deltok biskopen på eit seminar om dei historiske sambanda mellom Noreg og Irland, der bl.a. Vestlandet og Bergen sin skytshelgen, Sta Sunniva, fekk merksemd. Førsteamanuensis Alf Tore Hommedal frå Universitetet i Bergen (UiB) heldt føredrag over emnet: «Ideas from the West: an Irish Queen as a Norwegian Patron Saint.» Det var også føredrag ved Jan Erik Rekdal frå Universitet i Oslo, Irene Baug og Liv Helga Dommasnes frå Mellomalderklynga ved UiB. Det vart opna ei spesialutstilling med illustrasjonar frå irske gjenstandar som er funne I Noreg.

Biskopen og følgje besøkte Glendalough der Charlie Doherty stod for omvisningen. Han er ein av dei fremste ekspertane i Irland på tidlege kloster og heilagstader.

I Waterford fekk biskopen æra av å avduke ei minnetavle på veggen til Olavskyrkja.  Noreg sin ambassadør til Irland, Else Berit Eikeland, har stått sentralt i å få endra minnetavla, der det tidlegare stod at Olav var dansk konge. I Waterford var det ei kyrkjeleg markering saman med biskopen i Kilkenny, Michael Burrows.

Som ein del av Bjørgvin bispedøme si jubileumsmarkering, hadde reisa som føremål å søkja opp våre irske røtter i Sunniva-tradisjonen og takka irane for at dei for meir enn 1000 år sidan forkynte evangeliet for nordmenn både i Irland og Noreg. Det er også lagt eit grunnlag for samarbeid om vidareutvikling av pilegrimsarbeidet, med kystpilegrimsleia og tilsvarande ruter i Irland og Skottland og England.

Preika kan du lesa ved å klikka på lenka nede på sida.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30