Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

OVF-midlar. Økonomisk støtte til prosjekt i kyrkjelydane 2019

Det er tid for å søkje om midlar frå Opplysningsvesenets fond (OVF). Søknadsfristen for å få støtte til prosjekt i 2019 er 1. desember 2018. Ein kan også søkja om midlar til arbeid med vennskapskyrkjelydar.

Midlane skal nyttast til kyrkjelege formål med særlig vekt på tiltak i kyrkjelydane og felles kyrkjelege tiltak. Dei skal i hovudsak nyttast innanfor Kyrkjemøtet sine satsingsområde, jfr vedtak på Kyrkjemøtet 2018. Prosjekta kan vara frå eitt til tre år.

Gjeldande satsingsområde:

  • Diakoni
  • Kyrkjemusikk og kultur
  • Born og unge
  • Gudstenesteliv

Følgjande kan søkje:
a) Lokale og regionale råd og grupper innan Den norske kyrkja.
b) Instansar innan Den norske kyrkja som omfattar heile landet eller ein større region enn eitt bispedøme.

Det er bispedømerådet som tildeler midlar. Bispedømerådet har høve til å prioritera dei tiltaka som er i samsvar med bispedømet sine strategiar, som for 2018-2020 er:

  • Gudsteneste – fellesskap og forkynning
  • Ungdom – vekst i trua
  • Diakoni – rekrutterande fellesskap 

I tillegg vil vi prioritera prosjekt som rettar seg mot leiartrening for ungdom.

Søknader med nyskapande tiltak knytt til  trusopplæring vil kunne få ei høgare prioritering, då dei kan tildelast frå ”unytta trusopplæringsmidlar” .

Uavhengig av innhald, vil søknader med samarbeid mellom fleire kyrkjelydar bli prioritert.

Dei siste åra har bispedømerådet prioritert slik at mange små prosjekt har fått omlag 15 000 - 35 000 kr. Nokre få, større prosjekt har fått meir. Sjølv om snittsummen ikkje er så stor, er det viktig med noko eigenfinansiering (som kan vere både kommunale eller private midlar/sponsorar eller gjevarteneste).

Søk på nytt om de har eit pågåande prosjekt:
Nye prosjekt kan vare frå eitt til tre år. Prosjekt som alt er igong, vil prioriterast dei påfølgjande åra, men dette føreset at førebels prosjektrapport viser at prosjektet har den planlagte progresjonen. Desse må senda søknad kvart år.

Hugs fristen 1.desember 2018 - søknaden skal sendast på søknadsskjema til Bjørgvin bispedømeråd på epost til bjoergvin.bdr@kyrkja.no.     Søknadsskjema finn du nedst på denne sida.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30