Ledig stilling ved Bjørgvin bispedømekontor

Det er ledig stilling som prosjektmedarbeidar/personalrådgjevar ved Bjørgvin bispedømekontor med desse hovudoppgåvene: Oppfølging av rekrutteringsarbeidet til bispedømet og forsøk med støttefunksjoner opp mot prostane og ulike samordningsforsøk i perioden 2018-2020. Stillinga er ei treårig prosjektstilling med moglegheit for fast tilsetting. Søknadsfrist 15. august 2017

Bispedømekontoret er felles administrasjon for Bjørgvin biskop og Bjørgvin bispedømeråd.

Bispedømerådet er arbeidsgjevar for presteskapet, og er ansvarleg for rådgjevings- og kursverksemd for kyrkjelydane i bispedømet.  Vi er 17 fast tilsette som trivst godt i eit aktivt arbeidsmiljø, med kontor sentralt plassert i Bergen sentrum.

Vi søkjer ein ansvarsbevisst, sjølvstendig og fagleg dyktig person som er interessert i prosjektutvikling, rekruttering og sakshandsaming i grenselandet mellom personalforvaltning og ulike kyrkefaglige fagfelt. Stillinga vil ha ansvar knytt til sakshandsaming for prostane i Bergen, som eit 3 årig forsøk, og den inngår i eit team som fordeler oppgåver.  Rekrutteringsarbeidet inneber kontakt med studentar og ulike ungdomsmiljø.  Kursverksemd, sakshandsaming og utvikling av rutinar innan HR feltet vil vere del av ansvarsområdet.  I tillegg kjem sakshandsaming av ulike juridiske saker, her særleg gravferdssaker.  Juridisk kompetanse, fleksibilitet og kyrkjeleg kompetanse vil verte vektlagt. Noko reiseverksemd må påreknast.   

Kvalifikasjonar vi ser etter:

  • Relevant utdanning frå høgskule/universitet, gjerne juss
  • Relevant erfaring frå administrativt arbeid og personalarbeid spesielt
  • God kjennskap til lover og reglar innan fagområdet
  • God kjennskap til Den norske kyrkja
  • Evne til å bruke ulike dataverktøy og arbeide strukturert og målretta
  • Gode samarbeidsevner og personlege eigenskaper vil bli vektlagt

Vi tar atterhald om at det kan verte endring i organisering og arbeidsoppgåver.

Stillinga vert innplassert i stillingskode 1434 Rådgjevar (44-62)

Vi føreset at alle søkjarar er medlem av Den norske kyrkja.

Søkjar må opplysa om dei nyttar begge målføre.

Nærare opplysningar ved seksjonsleiar Cathrine Waaler Halstensen, tlf  55306484 eller stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit, tlf dir:  55306474/95136898

 Søknad med CV via Bjørgvin bispedøme sine nettsider www.kyrkja.no/bjorgvin

Søknadsfrist 15. august 2017

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30