Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Samtale mellom Jonas Gahr Støre og biskop Halvor Nordhaug på video

«Kristendom og politikk – en salig blanding» var tema då biskop Halvor Nordhaug inviterte Jonas Gahr Støre til samtale i serien «På troen løs». Eit fullsatt auditorium på Litteraturhuset i Bergen fekk både høyra om trua til Arbeiderpartiet sin leiar og oppleva ein grundig samtale om grensegangen mellom tru og politikk.

Klikk på biletet nedanfor for å sjå videoen (kamera: Litteraturhuset i Bergen).  Under videoen kan du lesa meir om møtet. 

Støre er oppteken av å ikkje blanda tru og politikk, men snakka likevel om si tru som grunnleggjande for sitt politiske virke.

– I ei tid då det er så viktig å vita, har eg også behov for noko eg kan tru. Ord som kjærleik, forsoning, tilgjeving, medansvar, er ikkje «vite-ting», men ting det er viktig å kunna tru, med utgangspunkt i det som eg oppsummerer i den kristne religionen, sa Støre. 

I samtalen på litteraturhuset drøfta dei grensene mellom tru og politikk med utgangspunkt i grunnlova sine formuleringar om den kristne og humanistiske arven og om Den norske kyrkja som ei folkekyrkje. Dei var innom aktuelle debattar som bruk av religiøse hodeplagg, reservasjonsrett, innvandring og miljø.

På spørsmål om Støre og Nordhaug sitt syn på verdikonservativisme, sa Støre at dei viktige verdiane er ikkje bevaringsverdige, dei er forklaringsverdige. – Det gjeld også for kyrkja, utfordra Støre biskopen.

På trua laus er ein møteserie der biskop Halvor Nordhaug ynskjer å sleppe trua laus frå kyrkja sitt indre rom og utsette den for spørsmål, kritikk og forsvar.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30