Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Teser i tida - hausten 2017

Tesen som vert presentert fredag kl. 16 blir forklart og forsvart av forfattaren på eit frukostmøte i Johanneskirken i Bergen den påfølgjande onsdagen kl. 08.00.

Prosjektet Teser i tida er eit hjartebarn til Reformasjonsbyen Bergen i høve Lutherjubileet 2017. Enkeltpersonar og organisasjonar har blitt inviterte til å spissformulere sin tese – og få den vist på Johanneskirken sitt tårn og debattert på frukostmøte i Café a Capella på baksida av Johanneskirken. I samarbeid med Kirkens Bymisjon, fagstab ved Det juridiske fakultet og studentar frå Fakultet for kunst, musikk og design ved UiB, blir utvalde tekster publiserte i byrommet. 

Den første tesen i haust vart kunngjort fredag 1. september kl. 16, og det kjem nye teser kvar fredag fram til 1. november.

Tesene kan du sjå på tårnet til Johanneskirken når det er mørkt og på Reformasjonsbyen Bergen si Facebookside.

Tesene blir grundigare presentert på frukostmøtet i Johanneskirken onsdag kl. 08.00. Du kan kjøpe LutherFrokost til kr 55 hos GodtBrød på Vestre Torggten frå kl 07.30.

Det har tidlegare vore mogeleg å skrive inn sin tese for å få den presentert. No har det kome inn nok teser til å dekke alle vekene fram til 1. november, men om du har ein tese på hjarta, kan melde den inn som ein kommentar på facebook-sida til Reformasjonsbyen Bergen.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30