Støtt TV-aksjonen

TV-aksjonen NRK 2017 går til UNICEF sitt arbeid for å gje utdanning og håp til dei borna som veks opp der krigen rasar. Vi oppmodar til å støtta aksjonen.

Eitt av fem born i krigs- og konfliktområde står i dag utan skulegang. UNICEF arbeider hardt og målretta for at born ikkje skal få øydelagt framtida si på grunn av vaksne sine krigar og konfliktar. Skulegang gir også born som lever i konfliktområde høve til å starte traumebehandling ved å lære, leike og vere saman. På sikt bidreg utdanning til å byggje opp att samfunn og gje håp for framtida.

– Kyrkjene i Noreg er ein viktig støttespelar for TV-aksjonane, og vi er særs takksame for kyrkjelydane sin innsats. Hordaland er det fylket der kyrkjene gjev mest til TV-aksjonen. Når det gjeld bidrag pr. person er Agder framleis på topp, men det går an å gå forbi dei, seier ansvarleg for TV-aksjonen i Hordaland, Marthe Asheim Underthun.

Det er fleire ulike måtar å bidra på, her er nokre døme:

  • Kollekt aksjonsdagen 22.oktober
  • Kyrkjekonsertar, barnekor og ten sing kor. Fleire stader blir det arrangert opne konsertar der publikum betalar ein valfri sum ved utgangen etter konserten, eller ein gjev inngangspengar til TV-aksjonen
  • Temakveldar med sal av kaffi og kake til inntekt for TV-aksjonen
  • Meld deg som bøssebærar på blimed.no

Eventuelle bidrag kan ein setja inn på giverstafett.no. Då vil beløpet og kyrkjelyden bli synleg på nettsida og under hovudsendinga på TV aksjonsdagen.

Oppmodinga frå TV-aksjonen i Hordaland og Sogn og Fjordane er klar:  – Bli med å gje born i Syria, Pakistan, Mali, Sør-Sudan og Colombia høve til utdanning og skap håp for ei betre framtid!

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30