Program for resten av vårsemesteret
Onsdag 6. mars
Kveldsretreat 18 – 21.
v/ Berit Andersen, Målfrid og Olaug
Onsdag 17. april
Kveldsretreat 18 – 21
v/Nobu Imazu og Annbjørg
På retreatsamlingane på Søsterhjemmet legg vi til rette for kvile og bøn. Vi trekkjer oss tilbake for ei tid. Retreaten er stille. Evt. måltid er stille, gjerne med musikk. Ein fast rytme med tidebøn og gudsteneste hjelper oss å falle til ro. Vi får høve til sjølv å bli nærverande hos Han som alltid er nær. Retreaten gir rom for å møte bibeltekstar, åleine og i fellesskap. Retreat er for deg som ønskjer ein nærmare relasjon til Gud, og samanheng mellom kvardagsliv og tru. Det er tilbod om samtale og forbøn på dei fleste retreata.
Retreat er noko for deg som ønskjer:
- ein nærmare relasjon til Gud
- impulsar i ditt bøneliv
- samanheng mellom kvardagslivet og trua
Sjå meir på www.retreater.no