Corona-beredskap i Møre bispedøme

Møre bispedøme følgjer nøye med på utviklinga av corona-smittesituasjonen i bispedømet, og viser til dei råd og retningsliner som blir gitt av Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. Les dei oppdaterte smittevernråda.

God handhygiene er eit viktig tiltak for å førebyggje smitte. (foto: Pixabay)

Landet er no i ein sårbar situasjon. Dette får også konsekvensar for arbeidet i kyrkja. Mange blir usikre når ein opplever ulik informasjon om kva som blir tilrådd av samlingar. Mange arrangement er dei siste dagane avlyste.

Kyrkja vil skape tryggleik for at kyrkja sine tenester er tilgjengelege i tida framover. Samstundes må kyrkja halde seg til det som lokalt er bestemt om kor mange som kan vere samla.

Det er viktig at alle tek kontakt med sin lokale kyrkjelyd med omsyn til korleis dette blir løyst lokalt. Kyrkjeverjene er i kontakt med kommunelegane, og følgjer opp dei ordningar som gjeld i den einskilde kommune. 

Møre bispedøme gjer desse tiltaka for å motverke auka smitte og for å bidra til alle si helse.

Kyrkja har alltid vore til stades for menneske i glede og sorg - og vil framleis vere det.

Møre biskop har bede alle kyrkjelydar om å planlegge for mange mindre konfirmasjonsgudstenester same helg, i staden for store gudstenester og fullsette kyrkjer. 

I Møre har vi erfaring med drop-in-dåp, som skapte høgtid rundt dåpshandlinga for kvar familie som i tur og orden var inne i kyrkjerommet. Dersom det ikkje er mogeleg å ta større følgje inn i kyrkja, blir det også for konfirmasjonane til våren planlagt for tilsvarande ordning.

På same vis som kring konfirmasjon tenkjer vi om planlagt dåp. Alle er velkomne til dåp, men tidspunkt for dåp og tal som kan vere til stades må avklarast i den lokale kyrkjelyden.

Alle gravferder vil bli gjennomførte, men også her vil det vere avgrensingar på kor mange som kan vere til stades inne i kyrkja. Ved grava gjeld ikkje dei same avgrensingane. 

I møte med sjukdom, sorg og død  - men også med angst for smitte og sjukdom, blir vi alle sårbare. Ved å følgje tiltaka som gjeld i samfunnet elles - og som her er omtala - vil vi vere med å sikre helsa til alle. 

Vi er no i fastetida og ropar saman til Gud; Kyrie Eleison, Herre miskunne deg! Lat oss stå saman i bøn for alle som har leiaransvar mellom oss.

Helsedirektoratets corona-info

Folkehelseinstituttet sine corona-oppdateringar

Les Folkehelseinstituttet sine råd om større arrangement

Vi er budde på at smittesituasjonen kan utvikle seg, og oppmodar alle om å gjere seg godt kjent med oppdaterte nasjonale retningslinjer. Det kan kome regionvise strengare tiltak, dersom det blir utbreidd spreiing i éin region.

Alle som har symptom på influensaliknande sjukdom, eller som har vore i område med utbreidd smittespreiing, er råda til å halde seg heime – for å unngå vidare smittespreiing.

Risikogrupper ved smitte må i samråd med sin lege vurdere eksponering for smitte under folkesamlingar.

Den lokale kyrkja må følgje råda frå kommunelegen. Lokal beredskapsplan gjeld.

For nærare informasjon kring din kommune/ditt fellesrådsområde; sjå dei kyrkjelege fellesråda sine nettsider.

Møre bispedøme har tidlegare sendt ut informasjon til alle prestar, prostar og kyrkjeverjer om kyrkja sin beredskap i høve corona-viruset. Denne informasjonen kan bli dagleg endra. En må halde seg oppdatert.

Møre biskop har gitt retningslinjer til alle prostar og prestar om endringar knytte til gudstenestene:

  • fredshelsing med handtrykk i gudstenesta går ut
  • berre beger blir nytta ved nattverd
  • hand-desinfeksjon skal vere tilgjengeleg i våpenhuset
  • unngå handhelsing, både med liturg og andre medvirkende
  • generelt halde nødvendig avstand

Spørsmålet om andre arrangement og samlingar knytte til kyrkja skal haldast eller avlysast blir vurdert og avgjort lokalt, etter avgjersle frå kommuneoverlegen og/eller lokalt beredskapsteam.  

Er det planlagt eit større arrangement må det vere gjort risikovurdering og lagt planar for kva ein skal gjere ved mistanke om smitte. Kontakt kyrkjeverje/lokal helseteneste for planar og råd.

 

Hygieneplakat_Liggende_Nynorsk.jpg

 

Aktuelle tiltak for å redusere smitterisiko

  • God kapasitet for handhygiene, anten handvask med såpe og vatn eller desinfeksjonssprit.
  • Hand-desinfeksjon tilgjengeleg ved inngangen til alle forsamlingsstader.
  • Informasjon om generelle hygieneråd, for eksempel med plakatar.
  • Styrkt reinhald (for eksempel kjøkken, matserveringsområde og toalett).
  • Redusere nærkontakt mellom deltakarar
  • Unngå å handhelse og klemme
  • Ta omsyn til dei rundt deg

 

Møre bispedøme vil nøye følgje Folkehelseinstituttet sine råd og retningsliner. Dette er den sikraste og beste informasjonen - og den blir oppdatert kontinuerleg.

 

Vanar som førebyggjer smitte

Beredskap i egen virksomhet - en veileder for fellesråd og menighetsråd

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"