Nordre Sunnmøre prosti strekkjer seg frå Ona til Geiranger og er det største og mest folkerike prostiet av dei 5 prostia i Møre bispedømme.
På sundag, 1.sundag i advent vart Karl Johan Bjørge innsett i tenesta som prost i dette store prostiet. Innsettinga skjedde i Borgund kyrkje, klokka 13.00. Biskop Ingeborg Midttømme, saman med fleire av prestane i prostiet, repr. frå andre kyrkjeleg tilsette og rådsvalde, tok del under innsettingsgudstenesta.
Karl Johan Bjørge er oppvaksen på Ellingsøya, er gift og far til 3. Dei siste åra har han vore busett på heimstaden og har gjort teneste som spr. i Vatne og Hamnsund sokn.
I ein god del år har Bjørge vore busett andre stader i landet. Han har ein litt annan veg inn i prestetenesta, gjennom utdanning frå Fjellhaug misjonsskule og ved utdanning som idehistorikar frå universitetet i Oslo. Han har også studier i journalistikk, livssynsanskuelse og kommunikasjon frå Gimlekollen mediesenter. Undervegs og etter studia har Bjørge arbeidd som leiar for programarbeidet i NKSS (Laget), han har vore kretssekretær for NLM (Misjonssambandet) i Hedmark og han har arbeidd som prest i Vestre Aker i Oslo og som sokneprest i Storfjord i Nord-Troms.
Det er ein mangfaldig, klok og erfaren medarbeidar som tar til i den nye teneste som prost i Nordre Sunnmøre prosti. Møre Bispedømme og kyrkjelydane helsar Bjørge velkommen i tenesta.
Arvid Helle
Konstituert prost - Nordre Sunnmøre