Der blei det avgjort at Indre Romsdal prosti og Molde domprosti slås saman.
Talet på prosti i vårt bispedømme blir dermed redusert frå seks til fem prosti, med verknad frå 01.01.2025.
Namnet på det nye prostiet er ikkje klart endå. Bispedømmerådet vil i denne samanheng rådføre seg med Namnekonsulenttenesta.
Vedtaket frå Møre bispedømeråd er som følgjer:
- Talet på prosti i Møre bispedøme blir redusert frå 6 til 5 prosti med verknad frå 01.01.2025
- Indre Romsdal prosti og Molde domprosti blir slått saman til eit nytt prosti.
- Namnet på det nye prostiet blir fastsett i eigen sak etter uttale frå Namnekonsulenttenesta
- Møre bispedømeråd ber Kyrkjerådet vurdere å oppretthalde noverande tildeling av ressursar til 2 beredskapsområde i det nye prostiet.
Administrasjonen vurderer/undersøker ulike tiltak som sikrar tilstrekkeleg administrativ leiarstøtte for prosten i det nye prostiet/alle prostia.