Skaparverket er ikkje til sals

Klimakamp er ein kamp for levekåra til våre medmenneske, meiner ressursgruppa for skaparverk og berekraft i Møre bispedøme. No intensiverer gruppa samarbeidet med dei lokale kyrkjene.

Per Fredrik Brun i ressursgruppa for skaperverk og berekraft presenterte satsinga på grøn kyrkje i Møre for bispedømerådet tidlegare i vår. I midten bispedømerådsleiar Ann-Kristin Sørvik og medlem av bispedømerådet Maren Elgsaas Jenssen.

Ressursgruppa for skaperverk og berekraft deltok på bispedømmerådsmøte like før ferien der dei presenterte planane sine for 2017 og 2018. Per Fredrik Brun, som er volontør i Møre bispedøme og ein sentral fagmann i ressursgruppa, viste til Den norske kyrkja si klimamelding i sitt framlegg for Møre bispedømeråd. Han understreka at det i første rekke er innanfor energisparing og miljøvennlige reiser at DnK kyrkja kan redusere sitt «klimafotavtrykk» ved å minske sine utslepp. I tillegg har DnK eit ansvar for at «vern om skaparverket» får fokus i gudstenester og samlingar på linje med andre diakonale tema. For klimakamp er ein kamp for levekåra til medmenneska våre. Stadig fleire menneske misser levegrunnlaget sitt på grunn av tørke, flom og ekstrem varme. Dersom vi ikkje i fellesskap klarer å bremse utviklinga, vil mange menneskeliv gå tapt som følgje av store klimaendringar i nær framtid.

Ressursgruppa for skaparverk og berekraft har derfor innleia eit samarbeid med kyrkjeverjelaget i Møre og Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon sentralt for å gi lokale fellesråd hjelp til å planlegge og gjennomføre energispare-prosjekt. – Her er det også store pengar å spare på lang sikt, seier Per Fredrik Brun, som no er pensjonist og frivillig medarbeidar, men som tidlegare var miljøvernsjef hos fylkesmannen i Møre og Romsdal.

I tillegg til dette energispareprosjektet vil ressursgruppa framleis invitere lokale sokneråd og fellesråd til å bli såkalla «grøne kyrkjelydar» der dei forpliktar seg til å vedta tiltak for bevisstgjering og vern om skaparverket. Soknerådsmedlemmer og tilsette vil bli invitert til temakveldar om vegen fram til å bli «grøn kyrkjelyd».

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"