Undervisning

Trusopplæring er ein naturleg og viktig del av kyrkjeleg undervising. Alle døypte born og unge får årleg tilbod om trusopplæringsaktivitetar frå sin lokale kyrkjelyd. Møre bispedøme gir faglege råd og støtte til kyrkjelydane.

Heilt sidan den kristne kyrkja blei grunnlagd, har det vore undervist i kva den kristne truen handlar om. Trua sitt innhald har blitt overlevert fra generasjon til generasjon. Metodane for læring har variert, men innhaldet i trua er viktig å formidla.

Trusopplæring er derfor ein naturleg del av kyrkjeleg undervising. Som ein konsekvens av Stortinget sitt vedtak om å flytte opplæringa til tru frå skulen til kyrkja har dette vore eit satsningsområde i kyrkja. Difor vil døypte born og unge få tilbod om ulike trusopplæringsaktivitetar årleg frå sin lokale kyrkjelyd.

For alle
Trusopplæringa som skjer i kyrkjelyden skal være lagt til rette slik at alle kan delta. Dette gjeld uavhengig av kjønn, funksjonsnivå og livssituasjon.

Samisk 
I områder med samisk befolkning vil samisk kultur, språk og identitet prege innhaldet i trusopplæringa. Også andre stader hvor det bor samiske born og unge, skal det leggjast til rette for samisk trusopplæring. 

Arbeidsområder for rådgjevarar innan undervising/trusopplæring:

  • Trusopplæring 0-18 år.
  • Skule-barnehage-kyrkjesamarbeid.
  • Konfirmantarbeid.
  • Arbeid for ungdom.
  • Undervisning for vaksne.

Arbeidsoppgåver t.d.:

  • Rettleie kyrkjelydane i  å lage lokale trusopplæringsplanar  og rapportere på dei.
  • Årleg kontaktsamtale med alle einingane i trusopplæringa.
  • Formidle informasjon om kurs og arrangere aktuelle kurs/fagdagar/samlingar  for å utruste kyrkjelydane i arbeidet med trusopplæringa.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"