Prostane og prostia - den regionale kyrkja

Det er seks prosti i Møre bispedøme. Prosten leier prestetenesta i prostiet og gir biskopen støtte i hennar teneste.


Frå 2020 er det 6 prosti i Møre:

  • Ytre Nordmøre prosti (kommunane Aure, Averøy Kristiansund, Smøla)

  • Indre Nordmøre prosti (kommunane Gjemnes, Sunndal, Surnadal, Tingvoll)

  • Indre Romsdal prosti (kommunane Rauma, Vestnes)

  • Molde domprosti (kommunane Aukra, Hustadvika, Molde)

  • Nordre Sunnmøre prosti (kommunane Fjord, Giske, Stranda, Sula, Sykkylven, Ålesund)

  • Søre Sunnmøre prosti (kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda, Ørsta)

 

NB! Frå 01.01.2025 blir Indre Romsdal prosti og Molde domprosti slått saman til eitt prosti. Sjå meir om det på denne sida: Nytt prosti i Møre bispedømme

 

Prosten har biskopen som næraste overordna og tek i vare arbeidsgjevaransvaret for prestane i prostiet.

Prosten skal i samvirke med dei kyrkjelege råda fremje godt arbeidsmiljø, samarbeid
og åndeleg fellesskap i prostiet.
Prosten skal også sjå til at prestane forvaltar
Ord og sakrament til vekst for kristent liv og kristen tru.

Prostane har også som oppgåver m.a. å administrere ferie- og fritidsordningar, ta del i bispevisitasane, reise på prostebesøk, halde medarbeidarsamtaler, foreta innsetjing av prestar, kateketar, diakonar og kantorar samt ta del på møte i råd og utval.

Les heile tenesteordninga for prostar

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"