Ny kyrkjeleg organisering - Møre

Arbeidet med å utgreie ny organisering for Den norske kyrkja skjer no. Ny organisering av kyrkja vil ha noko å seie for lokalkyrkjelege råd, og alle som arbeider og gjer teneste i kyrkja - også i Møre bispedøme. Gjer dykk kjent med forslaga til ny organisering og lat dykkar stemmer bli høyrde!

Ny kyrkjeleg organisering - Møre

Kyrkjerådet har no sendt saka om ny kyrkjeleg organisering ut på på brei høyring. No blir framtida si kyrkje forma - Lat dykkar stemmer bli høyrde i denne høyringsprosessen! 

Müller-Nilsen-utvalet sin rapport: Samhandling i en selvstendig folkekirke - ny kirkeligorganisering

Det er utarbeidd eit høyringsnotat - som er eit samandrag av rapporten.

Til sist er det Kyrkjemøtet, kyrkja sitt øvste demokratiske mynde, som gjer endeleg vedtak i saka.

Møre biskop, Møre bispedømeråd og Kyrkjeverjelaget i Møre samarbeider om heile høyringsprosessen, og vil leggje til rette for informasjon og samtalar. Både kyrkjelege instansar, kommunar og andre samfunnsinstiutusjonar skal høyrast.

Informasjonsbrev til tilsette i Møre bispedømmeråd
Handsamingsplan Møre for høyringsprosess i samband med sak om ny kyrkjeordning

 

KYRKJELEGE INSTANSAR

Last ned høyringsbrev her:


Last ned høyringsnotat her:

 

Høyringsfrist for kyrkjelege instansar er 1. desember 2021.

 

OFFENTLEGE INSTANSAR

Kyrkjerådet sender også Müller-Nilssen-utvalet si utgreiing om ny kyrkjeleg organisering på høyring til kommunar og andre offentlege instansar. 

Høyringsfrist for kommunane er 15. oktober 2021.

 

Alle kan gi høyringsuttale: Sokneråd, kyrkjelege fellesråd, kommunar, tilsette i kyrkja, privatpersonar, organisasjonar og andre som ønskjer å gi uttale kan bruke dette elektroniske svarskjemaet. Høyringsuttalar er offentlege og vil bli publisert på kyrkja.no


kirken.no/kirkeligorganisering        
Presentasjonsvideo frå kyrkjerådet

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"