Ord til trøyst og håp

I vår rekke av gode ord i ei krevjande tid, er det domprost Ragnhild Jepsen som bidreg i dag. Ho skriv om trassen, trua - og håpet. NB: INNEHELD SØR-SAMISK VERSJON OG VIDEO.

Ord til trøyst og håp

Mellom huset eg bur i og gata utanfor er det ein hekk. Om sommaren er den grøn og tett og gjev ly og vern frå trafikken utanfor. Det er då den er på sitt vakraste. Og det er nok difor ein tidlegare huseigar planta den.

I vintermånadene er hekken bar og naken. Men like fullt fascinerande å sjå på. Greiner og kvistar har gjennom tiår fletta seg inn i kvarandre som eit finurleg tauverk. Om den ikkje gjev så mykje ly frå trafikken i gata, gjev hekken ly og vern til småfuglane som finn saman, gjerne så langt ned mot bakken som mogleg. 

Men i dag oppdaga eg at noko er i ferd med å skje.

Fuglane sat der framleis. Kjøtmeisar som trassar vinter og kulde og bles seg opp for å møte dagen, og kanskje ein framtidig make..?

Og så- knoppane på greinene! Nesten umerkelege enno. Men likevel; eit teikn på at om tida er kald og uvenleg, og vi ikkje veit om snøbygene enno ein gong vil dekke over vona om vår, så er det noko å finne trøyst i: Bare kvistar som ber liv i seg. Og vi skjønar at ein gong der framme skal noko bryte fram:

Varme, fargar, liv og fellesskap.

I denne tida er det dette vi treng: Å tru at våren skal kome. Ikkje den kalde, usikre, ugjestmilde. Men den som kjem med solstrålane som varmar, som lokkar fram att fargene, den som inviterer oss ut av einsemd og isolasjon, inn til fellesskap og glede.

Knoppane på hekken vitnar om at noko er i emning. Vi veit ikkje når, men vi trur at det skal skje. Men akkurat denne våren må vi med ei trass og ei tru vi ikkje har kjent på tidlegare legge oss sjølve og håpet vi ber på, inn i salmen:

Du vår med ljose dagar,
med lengting, liv og song,
du spår at Gud oss lagar
ein betre vår ein gong!

Ragnhild Jepsen
Domprost i Nidaros

--------

Soelkedimmie jïh håhkoe

Gåetien jïh gaatenen gaskoeh gusnie manne årroeminie, desnie såaketjh. Giesege dah kruana såaketjh faasojne leah gaatenen vuestie guktie bïjlh jallan govloeh. Dah joekoen tjaebpie. Dan gielhtie öövtebe aajhtere dejtie såekide dïsse bïeji.

Daelvege eah leah såaketji naan lasth. Læjhkan luste dejtie vuartasjidh. Åeksieh meeskeme. Dah sjædtoeh sih eah eensi faasojne daelvege, læjhkan ledtieh maehtieh raeffesne åeksiej gaskoeh årrodh.
Daan biejjien maam joem aajhtsim.

Juskies biejjien tsöötsegh desnie, vuertieminie goske bïjvelåbpoe sjædta –  dellie edtjieh gæjmodh.

Jïh urpieh desnie, jallan vååjnoeh. Desnie badth urpieh. Jalhts tjåetskeme jïh ibie daejrieh mejtie gïjredovveminie jallh annje daelvie, væhtam vuajneme, gïjredovveminie badth. Åeksine ohtje urpie. Vihth gïjredovveminie!

Bïjvelåbpoe sjædta – klaerieh, jieleme jïh ektievoete båetieminie.

Daelie daarpesjibie jaehkedh: Gïjredovveminie jïh biejjie edtja goekedh guktie jïjnjh klaerieh vååjnoeh. Gïjre mijjem ektievoetese jïh aavose gohtjede.

Urpieh åeksine soptsestieh mij akt båetiemisnie. Ibie daejrieh gåessie, jaehkebe badth. Daelie tjoerebe ïedtjeleslaakan jaehkedh jïh laavlodh:

Gïjren tjoevkeds biejjie aarhtemem jïh jielemem buakta,
soptseste Jupmele mijjese buerebe gïjrem vadta.

Ragnhild Jepsen
Nidarosen åålmegen provste

Tidligare andaktar i rekka «Ord til trøyst, tru og håp»:

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"