Øystein Flø: 10 år med muslimsk-kristen dialog i Trondheim.

“Forum for muslimsk-kristen dialog” har delteke i fleire ulike samanhengar. Men aldri har det vi har oppnådd vorte så klart demonstrert som den 2. april 2011, og det på grunn av eit spontant innfall og ein teknisk tabbe.

Prost Øystein Flø (til høyre) under et av møtene i den muslims-kristne dialoggruppa i Trondheim.

Av
Øystein Flø
Prost i Gauldal prosti

Denne dagen hadde forumet invitert til eit stort opent møte i moskeen om religionsdialog. Her presenterte vi arbeidet vårt både innhaldsmessig og som eit bidrag til integrering i samfunnet. Det vi sa blei også følgd opp av representantar frå kommunen og politiet og det var godt oppmøte av interesserte både av kristne, muslimar og andre. Særleg gledeleg var det at det også var ein del ungdom med.

Heile arrangementet var planlagt saman med imamkontoret i moskeen og det var også moskeen som stod for serveringa. Eit innslag som var planlagt var at når muslimanes bønnetid kom, skulle kallet til bønn lesast både på arabisk og i norsk omsetjing i moskeens hovudrom, der vi alle var samla. Deretter skulle muslimane gå til eit anna mindre rom, for å forrette si bøn der. Som tenkt så gjort. Det vi derimot ikkje hadde planlagt, var kva vi andre (stort sett kristne [meir eller mindre sekulariserte] nordmenn) skulle gjera i mellomtida.

For å ta på alvor det som vi nettopp hadde høyrt og det som eg tidlegare i møtet hadde presentert som konklusjonen på samtalen om bønn i kvarandres gudshus, gjekk eg til mikrofonen og foreslo at vi kunne syngja salmen “Herre Gud, ditt dyre navn og ære” som vår respons på det kallet til bønn som vi nettopp hadde høyrt. Min tanke var at dette er ei bønn som også dei fleste sekulære nordmenn kjenner og ei bønn som formidlar eit gudsbilde som er i god samsvar med både muslimsk og kristen lære.

Det eg ikkje visste var at lyden frå mikrofonen gjekk ut også til siderommet i moskeen, slik at muslimane som der var vendt mot Mekka også fekk høyra at det foregikk kristen bønn i moskeens hovudrom.

No sende dei snart ein person som fekk slått av lydoverføringa, men i etterkant av bønna vart det naturlegvis stilt spørsmål ved dette: Var det som her hadde skjedd heilt greitt eller hadde moskeen vorte krenkt? Men dette vart takla på ein svært god måte av imam Tayeb Berghout. Han fortalde dei muslimane som var samla om ei hending frå profetens Muhammeds tid. Da kom det nokre kristne frå Jemen til muslimanes hovudmoske og profeten sa til muslimane: Lat dei kristne be her, for dette er eit bønnehus. Slik blei spenninga teke ned og opplevinga blei til positiv ettertanke for alle.

Våre muslimske venner i dialoggruppa sa i etterkant at dei var glade for det som skjedde. Slik vart det vi hadde snakka om meir enn berre teori. For folk flest i moskeen vart dette ei konkret oppleving av at vi bed til Gud på kvar vår måte.

Det kom sidan fram at ei norsk kvinne hadde sagt at ho opplevde meg som misjonerande i måten eg la fram innhaldet i dialogen vår på dette møtet. Dei muslimske deltakarane opplevde det ikkje slik, tvert om var dei samde i at det eg la fram var i samsvar med dei felles oppsummeringane vi hadde laga. Det er interessant at ein (sekulær?) nordmann likevel kunne oppleve dette som misjonerande. Eg trur at det kjem av det preget som vår dialog har hatt av direkte tale og reell bryting med spørsmålet om kva som er sanninga. Eg hugsar at eg i presentasjonen av vår dialog om temaet Jesus i Koranen og kristen forståing av Jesus kommenterte at når Jesus kjem tilbake, som både Bibelen og Koranen seier at han skal, da vil vi få svaret på om ein av oss hadde rett eller om det vil vise seg at sanninga er enda høgare enn nokon av oss til no har klart å formulere i ord.

Alt i den første felles dialogteksten, som vi publiserte i 2005, skreiv vi:

Det har ikke vært noe mål for samtalene å komme fram til enighet om de tema vi tok opp, dialogen og det å bli kjent med hverandre og hverandres standpunkter har vært et mål i seg selv. Likevel har det også kommet fram en stor grad av enighet om mange tema. Der vi er uenige har dialogen gitt større innsikt i den andres syn, redusert fordommer og hjulpet oss til å både se og respektere ulikheten i måten vi tror og tilber på. Spesielt har det vært nyttig å få omvisning i hverandres gudshus og lære om det som uttrykkes gjennom utformingen og inventaret i moskeen/kirken og om feiring gudstjenester og høytider.

Både islam og kristendom er i sitt vesen misjonerende religioner. Det betyr at man har en overbevisning om at den åpenbarte sannheten er gjeldende for hele verden og derfor gjerne vil overbevise andre om den.. Det vi har funnet er at det ikke er nødvendig eller ønskelig å fornekte dette perspektivet for å kunne ha en meningsfull dialog. Tvert om har dette vist seg å være en styrke.

Det er ikkje noka motsetning mellom det å ha ei overtyding om sanninga i eiga tru og det å ha den respekten for og verdsettinga av andres tru som er nødvendig for å drive religionsdialog.

Ein av våre muslimske partnerar sa det så vakkert at det er med religion som med kjærleik. Det seies at avstand verkar på kjærleiken liksom vinden verkar på eit bål: Den lille flammen sløkkjest, men den store kjærleiken vil flamme klarare opp. Når det gjeld religion er det møtet med andres tru som verkar liksom vinden: Å delta i dialog er å utsette sin religion for vinden for å sjå om den sløkkjest eller flammar klarare opp.

Ein dialogens gentleman

Det er mange som har gjeve viktige bidrag til dialogen i Trondheim, men eg må få framheva ein person som har betydd mykje både for meg og for mange andre. Det er Muhammad Osman Jawari som var generalsekretær i MST (Det muslimske samfunnet i Trondheim) da vi starta dialogen i 2003.

Han var utdanna advokat frå Somalia og hadde vore minister i Siad Barres regjering fram til utbrotet av borgarkrigen og regjeringas fall i 1991. Han hadde fått politisk asyl i Noreg og slo seg ned i Trondheim og arbeidde her som morsmålslærar. Med si erfaring var han svært sentral i etableringa av MST og i deira mål om å samla muslimar med ulik etnisk, språkleg og religiøs tradisjon under ein paraply og slik bidra til at muslimar kunne bli godt integrerte borgarar i det norske samfunnet.

Med sin lune personlegdom og sin naturlege autoritet var Jawari svært viktig både i etableringa av forumet og i dei fem-seks åra han var med. Det gjorde eit stort inntrykk på oss alle da han i 2008 fortalde om dei vanskelege valga han stod framfor: Først valget om å enten flytta til Canada til barn og barnebarn der eller å satsa på å venda tilbake for å byggja Somalia på nytt. Dernest om han skulle seia ja til kallet frå FN om å reisa til Kenya for å bli FN-rådgjevar for Somalia og om dette ville koma i konflikt med det han såg som sitt viktigaste prosjekt: Å etablera eit nytt universitet i Sør-Somalia.

Jawari var nokså kritisk til FN’s rolle og meinte at dei ofte hadde late seg bruka for å tena USA’s interesser. Difor var han redd for å mista sin integritet. Kanskje var det nettopp denne integriteten som gjorde at han i 2012 blei valgt som den første Speaker of Parliament (stortingspresident) i det føderale parlamentet i Somalia. Slik har han på nytt fått ei viktig rolle i oppbygginga av demokrati, forsoning og integrering også i heimlandet, slik han hadde det medan han budde i Trondheim.

Jawari var ei bønne-menneske – også ut over dei rituelle (muslimske) tidebønnene. Eg hugsar godt da han fortalde om si hadj (pilegrimsferd til Mekka): Det var ei særleg erfaring av det å leva i kontinuerleg bønn.

Eg hugsar også godt korleis han med sin naturlege autoritet bad ein av oss (kristen eller muslim) om å avslutte møtet med ei bønn. Det kunne vera ei utfordring å skulle be høgt med eigne frie ord i ein slik samanheng både for norske kristne (sjølv for ein prest) og for innvandra muslimar, men Jawari både oppmuntra og rettleidde oss. Slik voks erkjenning ut av både praksis og teoretisk refleksjon – det var denne erkjenninga som sidan også blei offentleg praksis da vi song “Herre Gud, ditt dyre navn og ære” i moskeen.

Rolla som sekretær

Mi rolle i gruppa har heilt frå starten av vore å vera sekretær. Eg var nok litt nølande da eg først sa ja til dette oppdraget, eg ante at det kom til å bli meir arbeid enn eg syntes eg hadde tid til. Men heldigvis er det slik at det som viser seg interessant og gjevande, det finn ein alltid tid til.

Den viktigaste utfordringa i ein dialog er å forstå kvarandre. Om du berre lyttar høfleg til motpartens argumentasjon medan du tenkjer på korleis du skal formulere din eigen argumentasjon, da er det ikkje dialog men diskusjon. Om du derimot lyttar for å prøve å formulere den andres argumentasjon – da er vi på veg til verkeleg dialog. Det er berre det du kan klare å uttrykke med dine eigne ord som du verkeleg har forståttt. Det er forresten viktig å få fram at dialogen på ingen måte går føre seg berre mellom to partar som kvar talar med ei stemme, nei, det er mange stemmer og ulike syn og nyansar både på kristen og muslimsk side.

Når det gjeld å kunna gjera seg forstått og å forstå kvarandre stod vi, særleg i starten, framfor enorme utfordringar, ikkje berre religiøst men først og fremst språkleg og kulturelt. Det å skulle formulere seg om dei djupaste tinga i livet på eit framandt språk er overlag vanskeleg. Heller ikkje engelsk var noko felles språk, så til dels vart ting sagt på arabisk, tolka til engelsk og referert på norsk. Sekretærens oppgåve har vore å føre omfattande samtale-referat til internt bruk i gruppa. Desse referata har så vorte gjennomgått på neste møte, slik at det har vore mulig å rette opp ting som har vorte feiloppfatta. Ofte har punktet om godkjenning av referatet frå det førre møtet ført til omfattande nye samtalar som har fordjupa forståelsen av det som var uklart etter det møtet.

Vi i den kristne (norske) delen av gruppa har ofte mint kvarandre på den store ulikskapen i makt som det gjev å vera den som kan språket og kor farleg det er og kor lett det er å misbruka denne makta. Dette gjeld sjølvsagt i enda høgare grad for den som er sekretær og slik også forvaltar det skrivne språkets makt. Om ein fell for freistinga til å bruka denne makta til å manipulera eller til å “vinna” ein diskusjon har ein snart tapt både tilliten og dialogen.

Om denne utfordringa er stor når det gjeld det interne referatet, vart den slett ikkje mindre da vi i 2005 bestemte oss for å laga det første offentlege dokumentet med oppsummering av samtalen så langt. Det gode i den prosessen var å oppleva den tilliten som det verka som sekretæren hadde opparbeidd seg gjennom to år. Ja faktisk var det nesten litt skremmande med dei store forventningane til at det lett let seg gjera å samanfatte innhaldet i 12-15 lange samtalekveldar på ein måte som alle skulle kunne kjenne seg igjen i og stå for. No viste det seg også at vi måtte gå noen rundar og finpussa på formuleringane slik at ingen måtte hefte for utsegner som ein ikkje kan stå for, men gjennom desse rundane auka også både tilliten og kompetansen. Så det gjekk mykje lettare å bli samde om dei samandraga vi publiserte i 2010 og 2013.

I løpet av desse ti åra har det blitt mange interessante tema som vi har fordjupa oss i og som er omtala i desse tre samandraga: Religionens plass i samfunnet, Jesus i Koranen og kristen forståing av Jesus, Etikk i religionen, Bønn i kvarandres gudshus, Å leva saman med respekt for ulikskapar, Ytringsfridom og blasfemi Unnskyldning og tilgjeving i kristendom og islam. Respekten for naturen og bevaring av skaparverket, Integrering, Det å forstå og motverke ekstremisme. Den som har interesse av å lesa desse samandraga kan finna dei på Nidaros bispedømme si heimeside (www.kirken.no/nidaros ) under menypunktet: KIRKENS LIV – Interreligiøs dialog.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"