- Vi må gjere tøffe prioriteringar i 2025

Nidaros bispedømmeråd diskuterte satsingsområda for neste år i bispedømmerådsmøtet denne veka. Leiar Gunnar Winther seier at sjølv om Nidaros har hatt god økonomistyring dei siste åra, vil ein måtte gjere tøffe prioriteringar i 2025.

Gunnar Winther, leiar av Nidaros bispedømeråd, fortel at Nidaros bispedømeråd skal satse vidare på hovedsatsingsområda frå dette året. Her talar han i samband med Biskopens nyttårsmottakelse i januar.

- Sjølv om vi har hatt god økonomistyring i Nidaros over mange år, må vi gjere ein del tøffe prioriteringar for 2025. Utgangspunktet er at dette skal skje på måtar som kyrkjemedlemane ikkje skal merke.

Økonomi

Bakgrunnen er den krevjande situasjonen til Den norske kyrkja.

- Det er inga tvil om at Den norske kyrkja står i ein krevjande økonomisk situasjon, noko vi i Nidaros bispedømeråd blir påverka av som ein del av det nasjonale rettssubjektet. Dette handlar enkelt forklart mykje om ei kraftig auke i pensjonskostnadane.

Nidaros bispedømeråd har diskutert satsingsområde og planen for verksemda på begge møta denne hausten. Han seier dei ønskjer å gjere ein grundig jobb.

- Bispedømerådet har i dei to siste møta våre hatt planen for verksemda oppe til behandling, og arbeidet med planen er i godt gjenge. Vi ønskjer å gjere ein grundig jobb med kva som skal vere dei strategiske satsingane i 2025, og har hatt gode samtalar om dette i rådet.

Satsingsområde

Nidaros bispedømeråd ønskjer å føre vidare dei hovudsatsingane det har vore styrt etter dette året, fortsetter Winther.

- Nidaros bispedømeråd held fast på dei hovudsatsingane det har vore styrt etter i 2024. Det betyr at rekruttering, unge vaksne, diakonalt arbeid og dialog og kommunikasjon framleis vil ha høg prioritet. I tillegg har vi nokre område som er regionale satsingar for Nidaros.

Han viser mellom anna til satsinga på sørsamisk kyrkjeliv og Nasjonaljubileet 2030.

- Vi har eit spesielt ansvar for sør-samisk kyrkjeliv, og med Nidarosdomen som det sentrale pilegrimsmålet i Norge er pilegrim ei viktig satsing. Vi held og fram med å ha Nasjonaljubileet 2030 høgt på agendaen. Det nye bispedømerådet er i tillegg veldig oppteken av å finne gode måtar å vere eit strategisk bindeledd mellom lokalkyrkja og kyrkja nasjonalt, mellom anna ved å etablere fleire møtepunkt mellom organa for soknet og det valte bispedømerådet.

Planen  for verksemda og budsjett skal behandlast på neste bispedømmerådsmøte i desember.

- Den endelege behandlinga av både virksomhetsplanen og budsjettet for 2025 kjem vi til å ha den 9. desember som er det siste møtet i bispedømerådet i år.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"