Oddbjørn Eide skal leie kyrkjebevaringsfondet

Riksantikvaren har no tilsett Oddbjørn Eide som dagleg leiar av programsekretariatet for kyrkjebevaringsfondet. Eide er i dag kyrkjeverje i Stjørdal.

Oddbjørn Eide er kyrkjeverje i Stjørdal. I midten av september byrjar han i jobben som leiar for kyrkjebevaringsfondet.

Han startar i stillinga 16. september. 

– Oddbjørn Eide har brei erfaring som leiar og har god innsikt i vedlikehaldsutfordringar i kyrkjesektoren, seier Turid Kolstadløkken, avdelingsdirektør hjå Riksantikvaren. – Han har stort engasjement for vern og bruk av kyrkjene, og vi gleder oss til å få han med på laget.  

Eide har lang fartstid frå kyrkjeforvaltning som leiar av kyrkjeleg fellesråd i Stjørdal dei siste 12 åra. Han er også nestleiar i styret for Hovedorganisasjonen KA, arbeidsgivarorganisasjonen for kyrkjelege organisasjonar.  

– Gjennom mine 12 år som kyrkjeverje har eg kjend på det store ansvaret som ligg i å ha ansvar for våre fantastiske kyrkjebygg, seier Eide. – Eg håper å kunne bidra til at fondet blir ei viktig støtte for å ivareta kyrkjene våre og lette byrda for kyrkjeeigarane. Kyrkjene våre er berarar av vår felles tros- og kulturarv, og å få bidra til bevaringa deira gjennom denne stillinga er noko eg ser fram til. 

Skal ha sete i Trondheim

Programsekretariatet for kyrkjebevaringsfondet skal ha sete i Trondheim, og er leia av Riksantikvaren. Sekretariatet vil bestå av dagleg leiar og skal ha totalt 12 tilsette frå samarbeidspartnarane i arbeidet med kyrkebevaringsfondet. Sju av dei tilsette kjem frå Riksantikvaren, mens Hovedorganisasjonen KA har tre og Den norske kyrkja 1,5 tilsette i sekretariatet.  
 
Programstyret for kyrkjebevaringsfondet er leia av Den norske kyrkja ved preses Olav Fykse Tveit, medan Riksantikvaren har tre plassar i styret, og Kyrkjerådet og Hovedorganisasjonen KA har ein representant kvar.  

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"