Preses Olav besøkte NTNU og studentprestane

Onsdag denne veka besøkte preses Olav Fykse Tveit NTNU og studentprestane.

Preses vart også betre kjent med seksjonen og eininga livssynstenestene høyrer inn under. Einingsleiar Hanne Kvello (f.v), seksjonssjef for seksjon for utdanningskvalitet og læringsmiljø Audun Grøm, domprost Kristin Moen Saxegaard, preses Olav Fykse Tveit, studentprest Lena Risnes og studentprest Ludvig Aasen.

Preses Olav Fykse Tveit har tilsynsansvar for prestane som arbeider ved NTNU i Trondheim. Onsdag 9.oktober besøkte preses NTNU og fekk meir kjennskap til prestane sin arbeidskvardag og deira samarbeidsaktørar. Det var meiningsfulle og spennande samtaler med både leiinga, ansatte og studentar.

Preses på besøk hos livssynstenester ved NTNU. Studentprest Ludvig Aasen (f.v), domprost Kristin Moen Saxegaard, studentprest Lena Risnes, rektor Tor Grande, preses Olav Fykse Tveit, avdelingsleder Aud Kristin Saltvik Aasen og prorektor for utdanning Marit Reitan.

Studentprestane Lena Rebekka Risnes og Ludvig Aasen har blant anna årleg fleire hundre samtaler, månadlege kveldsgudstenester i Nidarosdomen, vert brukt som fagleg ressurs i beredskap og om eksistensielle spørsmål i profesjonsutdanningene. 

Neste veke opnar eit nytt rom og nytt tilbod på Gløshaugen- Rom for tro og tanke.

Omvisning på studentsenteret til Sit- ein god samarbeidspartner for studentprestene.

Besøk hos studenttinget. Preses Olav fykse Tveit (f.v), student og læringspolitisk ansvarlig Ingrid Darell Hoilm og student og medlem i NTNU-styret Odd Arne Fosse.

Preses fekk også presentasjon om Isfit og deira arbeid. President Aurora Kolstad (f.v), deltakarsjef Vilja Sofie Nystad, kommunikasjonssjef Rebekka Bjorøy, studentprest Lena Risnes, studentprest Ludvig Aasen, domprost Kristin Moen Saxegaard og preses Olav Fykse Tveit.

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"