Forfattar Hilde Kvalvaag gav ut den sjølvbiografiske romanen Djuphavsslettene i 2021. Romanen handlar om å mista ein son i sjølvmord - og om prosessen for å klara å gå vidare.
På temakvelden i Arna kyrkjelydshus tysdag 15. mars kl. 19 blir det ein spennande samtale både om krise og håp. Forutan Hilde Kvalvaag kjem Karl Hjelmeland, som miste kona si i sjølvmord. Karl er prest og Hilde er ateist. Sokneprest Kristin Hjertaker leiar samtalen.
Pause med enkelt bevertning og mulighet for spørsmål og samtale.
Arrangør: Arna kyrkjelyd ved Diakoniutvalet