César Franck er rekna som historias største orgelkomponist etter Bach. I år er det 200 sidan han vart fødd. Gjennom ein serie på 4 konsertar vil kantor i Arna, Olav Arne Steinkopf og domkantor i Molde, Tone Synnøve Øygard Steinkopf presentere komponisten sine 12 store orgelverk i Arna kyrkje.
Konserten søndag 11. september er nr 3 i rekkja. Konserten startar kl 13.00. Då får me høyre: Fantasie i C-dur, Choral i a-moll og Choral i E-dur.
Det vert kollekt ved utgangen.
Konsert
César Franck 200 år.