Har du spørsmål om dåp? Ta kontakt!

Familiar som vurderer dåp, blir oppmoda om å ta direkte kontakt med sokneprest Kristin Hjertaker for å avtala tid. - Langtidsplanlegging og vanleg bestilling av dåp er ikkje så enkelt i koronatida. Difor er det best å avtala direkte. Det gir best fleksibilitet. Men dåpshandlinga og høgtida er den same, anten det er 10, 20 eller 200 til stades, seier ho.

Har du spørsmål om dåp? Ta kontakt!

- Eg opplever at fleire av dåpsfamiliane i korontida har blitt positivt overraska. Sjølv om færre kan delta under seremonien og ein ikkje alltid kan ha besøk etterpå, er dåpshandlinga og høgtida den same. Det kan også blir meir personleg og intimt, seier sokneprest Kristin. 

Eigne dåpsgudstenester

Både dåpssamtalar og dåpsgudstenester blir som regel gjennomført for ein familie åleine, slik smitteverntiltaka har vore sidan byrjinga av november. Eigne dåpsgudstenester har det i praksis vore sidan mars i fjor, med kun eitt unntak i Arna.

- Me hadde 60 dåp i 2020, noko me er godt nøgde med ut frå situasjonen. Somme var små babyar, mens andre var litt større enn det me oftast ser; 10-14 månader gamle. Det var mange gylne øyeblikk - og eit dåpsbarn vinka til presten på veg ned igjen frå døypefonten, oppsummerer soknepresten.

Men planlegginga har vore krevjande, både for dåpsfamiliar og prest. Det har blitt ein del endringar undervegs. 

- I denne fasen me er i no av pandemien, legg me ikkje ut så mange søndagar for vanleg bestilling av dåp. 7. mars har me sett av til dåp, så den dagen kan bestillast på nettet. Men elles ber me om at folk som ønskjer dåp eller vurderer det, tar direkte kontakt med anten kyrkjekontoret eller meg, så finn me ein dag som passar bra, seier Kristin.

Ønskjer vaksne velkomen til dåp

Ho legg til at alle som ikkje er døypte før, er velkomne til dåp, uansett alder. Også ungdomar, vaksne og pensjonistar.

- Det kan vera mange grunnar til at folk ikkje vart døypte som barn. Med tida har gjerne både livet og kyrkja endra seg. Hos nokre veks det gradvis fram ei nærare tilknyting som gjer at dåp og medlemskap vert naturleg. Dåpen er for alle som ønskjer å ta imot Guds kjærleik og nåde, den er ingen prestasjon. Det er Gud som handlar i dåpen, strekar ho under.

Les meir om gode grunnar til dåp og dåp i vaksen alder i artiklane nedanfor.

Les meir: Seks gode grunnar til dåp
Les meir: Ellen (49): - Dåpen gjorde meg godt

Kontaktinfo:

Kyrkjekontoret: Tlf 55362270 epost: arna.menighet@kyrkja.no
Sokneprest Kristin Hjertaker: Mob 41479182 epost: kh937@kirken.no 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"