Kyrkja har endå ein gong fått nye korona-reglar. Det er opna for gudstenester med 10 personar til stades og Open kyrkje med moglegheit for nattverd frå 20. januar.
Barn og unge prioritert
Tiltak for barn og unge i kyrkja kan gjennomførast ut frå «trafikklysmodellen» som også skulane følgjer; med grønt, gult eller rødt nivå.
For tida er det gult nivå på ungdomsskular, noko som gjer at konfirmantane i Arna kan møtast fysisk i sine faste undervisningsgrupper igjen. Vi held god avstand og følgjer elles alle smittevernreglar som er tilpassa dei ulike tiltaka. Ingen som er i karantene eller har symptom skal møta.
Babysong på torsdagar og Open barnehage på måndagar er også i gang att, noko mange familiar er glade for. Og ungdomsklubben annankvar tysdag kan også møtast.
For seniorsenteret gjeld eigne reglar – og dei held trufast ope med middagsservering, sosialt treff med god avstand kvar tysdag og torsdag i Kyrkjelydshuset.
Korte gudstenester og Open kyrkje
For gudstenester og andre samlingar for vaksne, er det framleis strenge restriksjonar. Det er lov å samlast fysisk i kyrkja, men berre maks 10 deltakarar om gangen. Det betyr at vanlege gudstenester nok er eit stykke unna enno.
MEN: Det er blitt tillate med korte gudstenester med 10 personar til stades – og der ein kan ha fleire slike korte gudstenester etter kvarandre. Og vi kan ha Open kyrkje, også dette med 10 i rommet samstundes. I begge tilfelle er det no tillate med nattverd, når ein følgjer gjeldande smittvernreglar. Det er også laga ein eigen forkorta liturgi for dette formålet.
For dåp og vigsel gjeld også regelen om maks 10 deltakarar til stades. I gravferder kan det vera inntil 50 til stades.
Fleksibelt tidspunkt for dåp
Arna kyrkje vil vera fleksibel med tanke på gjennomføring av dåp på «uvanlege» tidspunkt. Det er vanskeleg å planleggja for tida, både for familiar og for kyrkja. Dersom du eller nokon du kjenner, vurderer dåp, så oppmod dei om å ta kontakt med kyrkjekontoret tlf. 55362270 eller sokneprest Kristin – epost: kh937@kirken.no eller mobil 41479182, så finn vi garantert eit tidspunkt som passar.
Det kan bli veldig fint og høgtideleg med dåp både for store og små, sjølv om ein ikkje kan ha eit stort besøk – og på andre tidspunkt enn søndag føremiddag.
Framleis heimekontor
Staben i Arna kyrkjelyd er til stades i samband med gjennomføring av tiltak, samlingar og samtalar. Men kontorarbeidet skal framleis skje på heimekontor så mykje som mogleg, for å redusera talet på møtepunkt og kontaktar. Også på dette punktet må vi følgja dei retningslinjene som styresmaktene set, både sentralt og lokalt.