- Haustkonfirmasjon har fleire fordelar, både pedagogisk og praktisk. Mange kyrkjelydar rundt om i landet har god erfaring med det, seier sokneprest Kristin Hjertaker.
Oppstart i januar
- Pedagogisk er det ein fordel at me kan kopla oss tettare på dei store høgtidene jul og påske, og at undervisninga blir meir komprimert. Oppstart i starten av januar blir flott! Då er det Openberringstid, ei lys tid i kyrkja der tekstane har fokus på kven Jesus er, han som vart fødd i stallen, som me akkurat har feira i jula, legg ho til.
Når undervisninga går fram til juni, opnar det seg også heilt andre moglegheiter for å kunna ha aktivitetar og samlingar utandørs. Med tanke på leir – og eventuelle alternativ her – er det ikkje endeleg avklart kva for tilbod det vil bli, og kva tid i konfirmantåret. Dette kjem me tilbake til.
Konfirmasjon i september
Mai er ei svært travel tid i kyrkja, både med og utan konfirmasjonar, noko som krev mykje ressursar i ein liten stab. Utfordringa er at ingen av dei andre tinga; som Kulturdagane i Arna, 17. mai, Kristi Himmelfartsdag eller pinse kan flyttast på.
Med konfirmasjonsgudstenester i starten av september vert eitt av høgdepunkta i kyrkja flytta til ei rolegare tid på året.
Omlegginga er vedtatt av soknerådet som ei prøveordning for 2024 og 2025 - og skal evaluerast. Dersom erfaringane ikkje vert slik ein håpar på, vil ein gå tilbake til vårkonfirmasjon frå 2026.
Les meir om innhaldet i konfirmanttida i Arna kyrkje her.
Bilde: Ei gruppe glade konfirmantar er klare til å gå inn til konfirmasjonsgudstenesta si (mai 2022).