Noko blir velkjent, og noko blir heilt nytt denne jula; som «Juleopen kyrkje». Både 22. og 23. desember blir kyrkja open i mange timar for å gje fleire høve til å høyra juleevangeliet og oppleva ei julepynta kyrkje.
Vi følgjer gjeldande smittvernreglar på alle arrangement, og bed om at alle følgjer med på oppslag og informasjon på førehand og når ein kjem til kyrkja. Det aller viktigaste er å halda seg heime dersom ein har symptom – og å halda avstand når ein er i kyrkja. Det er no krav om to meter avstand ved salmesong innandørs, og dette tek vi omsyn til ved tildeling av plassar i kyrkjerommet.
Påmelding på nett og telefon
Det er påmelding til gudstenestene julaftan kl. 13.00, 14.30 og 16.00 og juledag kl. 12.00. Bergen kommune opplyser 4. des. at dei tillet 50 personar på slike arrangement i jula, med mindre smittesituasjonen igjen endrar seg til det verre.
Nokre plassar blir reservert for telefonpåmeldingar for personar som ikkje har høve til å melda seg på digitalt. Påmeldinga opnar 16. desember kl. 12. Lenke til påmeldingsskjema blir lagt ut på kyrkja si heimeside og Facebook-side.
Rom for fleire med juleopen kyrkje
- I fjor var det 750 personar til saman på gudsteneste i Arna kyrkje på julaftan, så uansett korleis vi gjer det i år, blir det uråd å få plass til alle. Men med juleopen kyrkje både 22. og 23. desember, tenkjer vi at mange fleire får høve til å koma i julestemning og få høyra den håpefulle forteljinga om Jesus-barnet i stallen; at Gud vart menneske og har kome oss heilt nær, seier sokneprest Kristin.
Digitale gudstenester julaftan og juledag
I tillegg til dei fysiske gudstenestene i kyrkja, lagar vi digitale gudstenester til både julaftan og juledag. Desse blir publiserte på Arna kyrkje si Facebook-side og heimeside – og blir såleis tilgjengeleg for alle som har lyst til å sjå dei.
Juleprogram i Arna kyrkje
Tysdag 22. des. kl. 16-19: Juleopen kyrkje. Alle som vil kan koma innom (maks 50 til stades samstundes). Prest til stades. Vi les juleevangeliet kvar heile time, og vi syng to julesongar. Høve til å tenna lys, vandra i kyrkjerommet og sjå på det fine juletreet, julekrybba etc. før og etter fellesdelen.
Onsdag 23. des. kl. 13-18: Juleopen kyrkje. Same opplegg som dagen før.
Julaftan kl. 13 og 14.30: Julegudsteneste for små og store ved sokneprest Kristin Hjertaker
Julaftan kl. 16: Julegudsteneste ved tidl. sokneprest Jan Kåre Jakobsen.
Juledag 25. des. kl. 12: Høgtidsgudsteneste ved seniorprest Børge Ryland.
Nyttårsaftan 31. des. kl. 23.15: Gudsteneste ved seniorprest Børge Ryland.