Dette året er det to gudstenester på julaftan i Arna kyrkje:
Julaftan kl. 14.30 og 16.00
Klokka 14.30 vert det gudsteneste ved pensjonert prest (tidl. sokneprest i Arna) Jan Kåre Jakobsen og kantor Olav Arne Steinkopf.
Klokka 16.00 vert det gudsteneste ved sokneprest Kristin Hjertaker og kantor Olav Arne Steinkopf.
I kyrkja blir det ekte julestemning. Saman kan me finna ro og fred for julehøgtida. Me syng "Deilig er jorden" og andre kjende julesalmar, lyttar til juleevangeliet, høyrer klokkene ringja og går inn i høgtida i fellesskap med kvarandre. Her er det rom for alle.
Juledag kl. 12
Juledag vert det høgtidsgudsteneste kl. 12.00 (merk tida!) ved Kristin prest og Olav Arne. Då er det rom for nokre fleire av dei gode, gamle julesalmane.
Erfaringsmessig er det mindre trengsel på denne gudstenesta enn på julaftan. Me oppfordrar alle som er glad i julesalmar, høgtid og tradisjon om å ta turen til kyrkje denne dagen.
Ein av verdas aller vakraste tekstar; Johannesprologen, er fast preiketekst kvart år på juledag. Berre å lytta til denne er ei oppleving, gong etter gong.
- Både denne teksten og dei andre bibeltekstane og salmane på juledag gir rom for undring over store, eksistensielle spørsmål; som kva det eigentleg inneber for oss, at Gud vart menneske den første julenatt, seier Kristin prest.