Onsdag 11. desember kl 18 vert det julesalmefest i Arna kyrkje. Då syng me nye og gamle salmar knytta til advent og jul. Medverkande: Arna og Ytre Arna kyrkjekor med prosjektkor, Thomas Nøkling - saksofon, Sigurd Steinkopf - trommer, Øystein Høynes - bass. Musikalsk ansvarleg er Olav Arne Steinkopf. Konferansier: Steffen Mjelde. Til slutt vert det ein liten ynskjekonsert, der folk kan få ynskje seg sin eigen julesalme. Etter julesalmefesten vil «Klubben» servere gløgg og pepperkaker.
Salmane er ein sentral del av vår felles kulturarv, og inneheld unike,poetiske og musikalske uttrykk for ulike generasjonars tankar og tro. I kyrkja si nye salmebok er det stor sjangerbreidd. Dei tradisjonelle salmane står side om side med gospel, spirituals, moderne lovsong, viser, afrikanske, latinamerikanske og asiatiske salmar. Denne kvelden vert det altså fokus på salmar knytta til advent og jul.
Biletet av Arna kyrkje er av Jon Tesdal.