- Me veit at mange har sakna å feira gudsteneste i kyrkja. Når forskrifta seier maks 50 i kyrkja om gongen, har me to gudstenester etter kvarandre på søndag; kl. 11 og kl. 12.15. Slik får fleire får høve til å koma, fortel sokneprest Kristin Hjertaker.
Ho gler seg til å feira gudsteneste igjen og sjå alle som kjem – på trygg avstand.
– Klemmar og handhelsing må me nok venta med lenge enno, seier ho
Gradvis opning
Kristin er glad for at Arna sokneråd har gått inn for å opna kyrkja alt no – og at stab og sokneråd i fellesskap har lukkast i få på plass naudsynte prosedyrar og godkjenningar i løpet av nokre få, intense dagar.
Tysdag denne veka kom den sentrale smittvern-rettleiaren for kyrkja. Onsdag var det møte i Arbeidsutvalet til soknerådet, torsdag kom fleire godkjenningar og fredag obligatorisk kursing av medarbeidarar.
Nokre av kyrkjene i Bergen og landet elles opnar denne helga, men mange ventar litt. Det er omfattande krav til reinhald, dokumentasjon, informasjon og opplæring av tilsette og andre som gjer teneste, for å få lov til å opna for gudstenester med 50 deltakarar.
Unntakstilstand
Dei siste to månadene har kyrkjene vore stengde for all ordinær drift. Berre gravferder med få deltakarar og eigne dåpsgudstenester med få deltakarar har vore tillate. Men både i Arna og mange andre stader har det vore stor aktivitet på ulike område, ikkje minst digitalt.
- Vi har alle levd i ein unntakstilstand sidan midten av mars. Gudstenester, andakter og konsertar blir «streama» og lagt ut på nettet. Vi har hatt liten kontakt oss imellom. Kvar for oss har vi levd livet som best vi kunne. No ser vi med glede fram til å kunna møtast igjen til gudsteneste, seier soknerådsleiar Hans Martin Svarstad.
Trygg nattverd
Sokneprest Kristin Hjertaker er glad for at det ikkje berre er opna for å ha gudstenester, men at det også er lagt til rette for at ein kan ha nattverd.
- Det blir nattverd på begge gudstenestene på søndag, og den blir gjennomført etter dei strenge krava til hygiene og smittevern som gjeld no. Me gjer også fleire andre tilpassingar. Alle som kjem, skal vera trygge. Men alle som kjem, må også følgja dei råda og pålegga som gjeld, understrekar ho.
Absolutt grense på 50 personar
Dei siste dagane har det vore mange kreative forslag til korleis ein skulle løysa utfordringa med at det kan bli «fullt». Kva gjer me når person nr. 51 eller 52 kjem? Kunne me hatt påmelding, så folk slepp å koma til stengd dør?
- Påmelding er ikkje tillate, og grensa på 50 deltakarar er heilt absolutt. Dette må me berre få til i lag. Men det er fint at me i alle fall på søndag kan ha to gudstenester etter kvarandre. Så får me sjå framover korleis me kan løysa dette, seier Kristin.
Ut frå den siste meldinga frå regjeringa, vert det opna for arrangement med inntil 200 frå 15. juni, dersom smittesituasjonen held seg stabil.
MERK ENDRING: Av omsyn til mogleg smittesporing, må arrangør (dvs Arna kyrkjelyd) registrera kven som er til stades på gudstenester. Informasjonen vert sletta etter 10 dagar.
Gudstenester i Arna dei komande vekene:
Søndag 10. mai kl. 11 og 12.15 ved Kristin Hjertaker
Torsdag 21. mai (Kristi Himmelfartsdag) kl. 11 ved Øystein Skauge
Søndag 24. mai kl. 11 ved Ingvar Fløysvik
Søndag 31. mai (pinsedag) kl. 11 og 12.15 ved Kristin Hjertaker
Smittevernreglar for deltaking på gudstenester:
- Hald deg heime om du har symptom på luftvegsinfeksjon.
- På veg til kyrkja: Gå, sykla eller bruk eigen bil. Unngå offentleg kommunikasjon.
- Hald avstand til andre før, under og etter gudstenesta; minimum ein meter i alle retningar.
- Unngå at det blir kø på veg inn eller ut – eller at folk stimlar saman på utsida av kyrkja.
- Praktiser god handhygiene. Handsprit er plassert ved inngangen.
- Sørg for god hostehygiene. Host i papir eller i armkroken.
- Set deg på «rett stad». Annankvar kyrkjebenk er stengd.
- Unngå å ta på inventar eller utstyr.