Kravet til avstand gjeld uansett om du er fullvaksinert eller ikkje, så lenge du er i det offentlege rom.
Plass til ca. 70 personar
Både vanlege gudstenester, dåpsgudstenester, vigslar og gravferder vert rekna som offentlege arrangement. Kor mange som kan delta på eit arrangement, kjem no an på storleiken på lokalet – og om det er ute eller inn. Alle skal kunna halda minst ein meters avstand til andre husstandar.
Arna kyrkje har plass til ca. 70 deltakarar så lenge einmeteren gjeld, med normal fordeling av par, einslege og familiar. Dersom du har spørsmål til dette, til dømes i samband med vigsel, dåp eller gravferd, kontakt kyrkjekontoret tlf. 55362270 eller Kristin prest på epost: kh937@kirken.no.
Krav om munnbind
Som følgje av den kraftige smitteauken den siste tida, har Bergen kommune vedteke nye innstrammingar 11. august. No skal alle i Bergen bruka munnbind i situasjonar der ein risikerer å koma nærare andre enn ein meter. Tidlegare var dette ei anbefaling, no er det eit påbod, og det gjeld førebels til 22. august.
Påbodet gjeld både offentleg transport, taxi, butikkar, kjøpesenter og i kyrkja. Det betyr at du skal bruka munnbind på veg inn og ut av kyrkja. Når du sit i benken og held den avstanden du skal til andre, treng du ikkje ha munnbindet på.
Oppdatert informasjon om Bergen kommune sine reglar, finn du på kommunen si heimeside.