Nye korona-innstrammingar

6. november vedtok Bergen kommune ei forskrift som gjer at det ikkje er lov med fleire enn 20 personar på offentlege arrangement. For kyrkja betyr det at vi ikkje kan ha vanlege gudstenester eller andre samlingar no. Det blir ingen vanlege gudstenester på søndag. Om du høyrer kyrkjeklokker, er det fordi nokon har dåp.

Nye korona-innstrammingar

Vi kan gjennomføra dåp med maks 20 til stades totalt. Dåpsfamiliar som får endra tidspunkt, vil bli kontakta. For gravferder har kommunen gjort unntak, her kan det vera inntil 50 deltakarar. Forskrifta gjeld i første omgang til og med måndag 23. november. OPPDATERT: Forskrifta vart forlenga til og med 6. desember med nokre justeringar.

Alle blir bedne om å unngå stader der ein treff mange folk dei næraste vekene. Men det er lov å gå tur og gå på butikken. Vis omsorg! Ta ein telefon til nokon du kjenner.

Så håpar vi at smitten kjem under kontroll att i byen vår og landet vårt - og at vi snart kan samlast i kyrkja og andre stader⛪🙏❤

Herren velsigne deg og vare deg!
Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig.
Herren løfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred!

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"