Årsaka til at dette er innskjerpa i Bergen, er smitteauke med mutert virus i fleire av Bergen sine omegnskommunar frå midten av mars. Det har også vore tilfelle av smitte i kyrkjelege samanhengar med deltakarar frå fleire kommunar, noko som alltid medfører auka risiko.
Inntil vidare - og i alle fall i påsken - gjeld rådet om at ein berre deltek på kyrkjelege handlingar i eigen kommune.
Gravferder er framleis unnateke denne regelen - og kyrkjeleg tilsette.
OPPDATERT 24.03: Det er tillate med inntil 50 personar i gravferder. I dåp/vigsel er det tillate med inntil 20 personar. Medverkande kjem i tillegg.
OPPDATERT 24.03: Alle gudstenester er avlyste til og med 11. april.
Dei viktigaste korona-restriksjonane for kyrkja per 24. mars:
- Hald deg heime dersom du er sjuk, har symptom på luftvegsinfeksjon, er i karantene eller ventekarantene.
- Namn og mobilnummer blir registrert for evt. smittesporing.
- Husk å sprita hendene på veg inn i kyrkja - og gjerne på veg ut også.
- Viss du må nysa/hosta, gjer det i papirlommetørkle eller i albogen og sprit deg evt. på nytt.
- I gravferd/kyrkjelege handlingar: Set deg på den plassen du får tilvist. Vi plasserer slik at det blir plass til flest mogleg ut frå gjeldande avstandskrav. Det skal vera 2 meter mellom kvar husstand/kohort.
- Hald deg på plassen din under heile gudstenesta/seremonien. Einaste unntak er for nattverd eller ved behov for toalettbesøk.
- Unngå handhelsing og klemming. Dersom du er i gravferd/bisetjing, kan du visa di medkjensle på andre måtar, til dømes med eit godt blikk eller ved å halda handa mot hjartet ditt.
- Hald god avstand også når du skal gå ut av kyrkja - minst to meter. Det same gjeld på gravplassen eller om ein står ved bårebilen.
- Bruk gjerne munnbind på veg inn i og ut av kyrkja, det kan vera trangt ved inngangen. Inne i kyrkja, når ein sit med 2 meters avstand, er det ikkje krav til bruk av munnbind.
- I gravferd/bisetjing: Bruk munnbind dersom du er med og ber kista ut.
- I Open kyrkje med maks 10 personar kan vi ha lystenning, men ikkje i gudstenester/seremoniar med krav om faste, tilviste plassar.