Gudstenester med plass til 50

Søndag 28. feb. kl. 11 er det gudsteneste med nattverd ved Ingvar Fløysvik, og 7. mars er det gudsteneste med nattverd ved Kristin Hjertaker. Med dei nye reglane har vi plass til ca. 50 pluss medverkande i Arna kyrkje. Vi har ikkje påmelding, men alle blir registrert når ein kjem og vist til ein bestemt plass. Vel møtt - så sant du er symptomfri!

Gudstenester med plass til 50

Endeleg kan vi samlast til meir "vanlege" gudstenester igjen! Dei nye reglane som er innført nasjonalt, gjer at kyrkja og andre arrangørar kan samla inntil 100 personar til arrangement. Føresetnaden er at alle som kjem, får ein fast, tilvist plass. Og sjølvsagt at ein følgjer alle andre, gjeldande smittevernreglar.

I Arna kyrkje er det plass til ca. 50 personar pluss medverkande med denne ordninga. Alle som kjem, blir registrerte i døra - og blir så vist til ein bestemt plass. Ein heil familie/husstand kan sitja tett. Det same gjeld eit par. Men avstanden til neste husstand eller familie må vera minimum to meter. Den siste regelen har vi hatt sidan byrjinga av desember.

Det er ikkje til å unngå at nokon kvar kan bli både forvirra og lei av stadig nye reglar og endringar. Men vi veit at reglane er til for å begrensa smitten - og særleg for å verna dei som ikkje tåler å bli smitta. Vi ofrar noko for andre, og ser fram til at både kvardagar og søndagar kan bli meir vanlege igjen.

Så gler vi oss over at det no er mogleg å samlast til gudstenestefellesskap igjen - og at vi kan feira nattverd. 

Dei viktigaste reglane finn du her:

  • Hald deg heime dersom du har symptom på korona-virus eller luftvegsinfeksjon, eller dersom du er i karantene.
  • Bruk handsprit når du kjem til kyrkja.
  • Registrer deg i døra og ta imot plassen du får (gjerne med eit smil).
  • Bli sitjande på plassen du har fått mens du er i kyrkja. Det er ikkje tillate å gå rundt.
  • Einaste grunn for å forlata plassen er å gå fram til nattverd - eller ved behov for toalettbesøk
  • Hald avstand til dei som ikkje er i same husstand/kohort som deg sjølv: minimum 2 meter inne i kyrkja pga salmesongen, minimum 1 meter når du går ut.
  • Følg dei beskjedane som blir gitt undervegs.
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"