Ikkje gudsteneste 29. nov. – tilbyr Open kyrkje og samtale

Førstkomande søndag, 29. nov. blir det ikkje gudsteneste i Arna kyrkje. Men fredag 27. nov. kl. 14-16 er kyrkja open. Då kan ein koma innom åleine eller saman med nokon og sitja i stillhet, tenna lys eller få ein samtale. Prest er til stades.

Ikkje gudsteneste 29. nov. – tilbyr Open kyrkje og samtale

Somme kyrkjelydar gjennomfører gudsteneste komande søndag, 29. november, med 20 til stades og påmelding. I Arna har vi valt å avlysa denne gudstenesta ut frå ei heilskapleg vurdering. Vi jobbar med å få på plass ei brukarvenleg påmeldingsordning for arrangement og gudstenester for advent og jul, men denne løysinga er ikkje klar enno.

Vi ser at mange har behov for å møtast i ei tid prega av mykje isolasjon, men det er også mange som vegrar seg for å delta på arrangement når smittetala har vore høge over tid. Heldigvis kjem det no meldingar om at smittetala er på veg ned, men framleis er dei langt høgare enn då kommunen opna opp att etter førre nedstenging i september.

Fleire endringar i programmet

Så lenge det ikkje er tillate med fleire enn 20 personar i til dømes gudstenester, er det krevjande å gjennomføra desse som eit reelt ope tilbod. Førebels startar vi med Open kyrkje fredag kl. 14-16, der ein kan koma innom og sitja i stillhet, tenna lys eller samtale. Fleire tidspunkt for Open kyrkje på andre tidspunkt blir kunngjort seinare. Også for Open kyrkje gjeld grensa på 20 personar samstundes.

Når vi no går inn i adventstida, blir dei fleire endringar i programmet vårt. Mange planlagde arrangement er avlyste som følgje av restriksjonane, og noko blir endra. Her må ein følgja med på informasjon som blir lagt ut om dei enkelte arrangementa.

Og nokon tiltak, som julevandringar for barnehagebarn, blir flytta utandørs. Staben jobbar i desse dagar med å finna fram til moglege og trygge løysingar.

Møyfrid Opheim i Sakkeus Open barnehage er til stades ute i Sakkeusparken ved kyrkja måndag 30. nov. kl. 11-13. Der kan foreldre og born stikka innom og leika og slå av ein prat.

Prestane tilgjengeleg for samtale

Kyrkjekontoret er framleis stengt for fysisk besøk, og staben er på heimekontor med unntak av gjennomføring av kyrkjelege handlingar og andre arrangement. Men staben kan kontaktast på telefon eller epost.

Både sokneprest Kristin og seniorprest Børge er tilgjengeleg for samtale dersom ein ønskjer å snakka med ein prest om stort eller smått. Send gjerne ein sms, om du har anledning til det, så kan vi ringja tilbake.

Kristin har mobil 41 47 91 82 og epost: kh937@kirken.no
Børge har mobil 48 95 74 23 og epost: br265@kirken.no  

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"