LYS VÅKEN 25.-26. november

Er du fødd i 2011 eller 2012? Då kan du bli med på overnatting i Arna kyrkje!

LYS VÅKEN 25.-26. november

VELKOMEN TIL EI SPANANDE OPPLEVING I ARNA KYRKJE!

25.-26. november 2023 er alle som er fødd i 2011 og 2012 velkomne til Lys Vaken
Dei som er medlem i kyrkja får dette brevet, men alle som er fødd i 2011 og 2012 er velkomne!
Vi startar i Arna kyrkje laurdag 25/11 kl. 17.00. Utover kvelden skal vi leike, utforske kyrkja, synge, danse og ete god mat! Vi skal sjå film, og sove i kyrkja! Dei som heller vil sove heime, kan sjølvsagt gjere det og komme tilbake til kyrkja sundag 26/11 kl. 10.15. Sei i frå ved påmelding viss du skal sove heime. 

Søndag morgon skal vi ete frukost og vere med på gudstenesta. Føresette, søsken og andre er hjarteleg velkomne til gudstenesta kl. 11.00. 

Ta med: Sovepose, liggeunderlag (ikkje dobbelmadrass), toalettsaker, nattøy, lommelykt (viss du har) og litt snop. Vi samlar inn godteriet og lagar snope-koldtbord som alle kan forsyne seg av.

Påmelding:
Send mail til Cathrine Snipsøyr: cs262@kirken.no 
Vi treng å vite om deltakar: 
Namn 
Har han/ho matallergi? 
Treng han/ho ekstra tilrettelegging eller oppfølging? 
Er det i orden at navn og bilde av den blir offentliggjort?

Vi treng å vite om føresette: 
Namn og mobilnummer 
Sei frå om du kan:  
Vere nattevakt i 2 timar 
Vere kjøkkenhjelp laurdag kl 1700-1930 
Vere kjøkkenhjelp sundag kl 0830-1045 

Deltakaravgifta er kr. 100 og betalast på Vipps. 
QR-koden fører deg til Arna menighet. 

imageev15.png

Vi gler oss til å møte deg!  

Stor helsing frå Gina Marie Reisæter-Thu, Gro Eman og Cathrine Snipsøyr 
i Arna kyrkjelyd 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"